Matkultur

Matproduksjon har lange ubrotne tradisjonar i Skjåk. «Skaffar Vårherre oss sol, skal oss sjølve skaffe væte». Dette er eit ordtak som fortel om pågangsmot og livskraft som har prega skjåkverane til alle tider.

Skjåk ligg i regnskuggen og har om lag 270 mm med nedbør i året. Kunstig vatning er heilt nødvendig for å forsyne gardane med vatn. Peder Pedersen Dagsgardsødegård (1782-1846), også kjend som Vass-Per, var ein oppfinnsam bonde frå Skjåk og var ekspert på å finne dei beste plassane for vassvegane i distriktet. Han fann opp eit nivileringsverkty for å finne ut kva for ein kant neste bakke hella. Dei sinnrike vassvegane som er grave fram frå fjellvatna og breane og fram til gardane, er eit døme på stor ingeniørkunst og hardt arbeid. Somme stadar ser det ut som vatnet renn i motbakke.

Gudbrandsdalsost

Onsdag 17. mars 2021 var det ti år sidan styret i TINE vedtok å halde fram brunostproduksjonen ved meieriet Tine Lom og Skjåk. Dette skal nå bli ei årleg markering. (Det er flere som produserer brunost i Norge, men det er TINE Lom og Skjåk som har den originale og den beste Gudbrandsdalsosten.)

Skjåkbygg

Bygget er sjølve urkornet, og har vore dyrka i Skjåk i tusenvis av år. Kunstig vatning gjer at jorda kan få vatn til rett tid. I kombinasjon med godt jordsmonn og gunstige temperaturtilhøve, gjev dette bygg frå Skjåk ein svært god kvalitet. Kornet er særleg rikt på fiber, er ei naturleg proteinkilde og har ein ekstra søt og god smak.

Det er framleis mange som kan kunsten med å bake lefse og flatbrød, eller mjukbrød og hardbrød, som vi kallar det i Skjåk.

Foto: Erlend Kirkebøen/Nasjonalparkriket

Skjåkgris

I 1950 tok ivrige grisebønder til med veging og spekkmåling av gris. Dette for å avle fram ein betre gris. I 1953 var det fyrste svineavlslaget i landet stifta i Skjåk. Verdas beste gris blir framleis produsert i Skjåk. Skjåkgris er eit begrep og det er fleire foredlingsbedrifter i Skjåk som produserer kvalitetsprodukt av denne gode råvara. Det er framleis vanleg at ein slaktar ein gris til jul og lagar julemat av slaktet. Dette er kunnskap som er overført frå generasjon til generasjon.

Sau og geit

Sauen nyttar seg av dei flotte fjellbeita som vi har mykje av i Skjåk. Mange gardar har beite i nasjonalparkane, og sauen gjer ein stor og viktig jobb med å pleie landsskapet. Ei stort betre og reinare råvare finst ikkje.

Statistikken fortel av geita har hatt stor betydning for jordbruket i Skjåk, særleg i krisetider. I 1959 var Skjåk fortsatt den nest største geitekommunen i landet, men etter dette har talet gått jamt ned. Ved jordbrukstellinga i 1959 var det 2622 geiter i Skjåk, og berre Aurland i Sogn hadde fleire. Nå er det att berre 4 besetningar med mjølkegeit og nokre som har ammegeit. Det meste av mjølka blir brukt til osteproduksjon, både kvit og brun, eller raud, som vi kallar det i Skjåk. G-35 inneheld om lag 10 % geitemjølk.

Foto: Kari Hånsnar

Viltkjøt

Det er fleire tusen års ubroten tradisjon på jakt og forvaltning av vilt i Skjåk. Ein finn mange fangstanlegg rundt om i fjell og dal som vitnar om dette. I Skjåk har vi alle dei fire hjortedyra – elg, hjort, rein og rådyr. Jakt er ein viktig sosial arena for mange, i tillegg er det viktig forvaltning og matauk. Framleis er det mange som kjøper seg slakt frå dei mange jaktlaga i bygda, og fyller frysaren med gode middagar for vinteren.

Spikjipysjebygda

Det er mange i Skjåk som framleis lagar sine eigne spekepølser. Dette er og ein ubroten tradisjon på mange gardar. Det er og mange som produserer spekepølse for sal. Den meste kjende er kanskje Skjåkpølsa frå Skjåk Mat. Vanleg krydder i spekepølsa i Skjåk er mellom anna karve.

Ynskjer du eit godt måltid eller å kjøpe lokalmat?

Foto: Erlend Kirkebøen