Opplev

I Skjåk byr vi på storslått natur, nydeleg lokalmat og unike opplevingar – akkurat der Fjord-Norge møter Fjell-Norge.

Vi er stolte over alt Skjåk har å by på. Ei kommune der store delar av naturen er verna, gjev rom for opplevingar utanom det vanlege. Nasjonalparkane byr på rikt dyreliv og frisk luft. Utvalet av aktivitetar er stort, om du vil bli med på organiserte opplegg, eller vil ta turen på eigenhand. Overnatting på enkle fjellhytter, gardsovernatting, camping eller hotell. I Skjåk kan du lage deg ei oppleving etter din smak.



Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld, og kvar gong er det like spennande å opne ho.

Jan-Magnus Bruheim