Nasjonalparkar

Naturen har ein viktig plass i folkesjela hjå oss skjåkvêrar, og det er ikkje utan grunn at ca 80 % av naturen i Skjåk er verna.

Breheimen

Breheimen Nasjonalpark ligg i Skjåk, Lom og Luster kommune. Her kan du oppleva stillheita av naturen, med dalar, langstrakte vidder, spektakulære brear og høge tindar.

Breheimen er ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre. Her finn du nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Nasjonalparken strekker seg frå havnivå til godt over 2000 meter. I området finn du alt frå frodige seterdalar til karrig høgfjell og store isbrear.

Vi som bur rundt Breheimen Nasjonalpark har gjennom historia vore sterkt knytt til jakt og fiske. Villrein i området er svært viktig for å forstå kulturhistoria i Breheimen. Etter at isen trekte seg attende for omlag 10 000 år sidan, har jakt på villrein vore ein uavbroten tradisjon i området. I Breheimen finst det svært mange spennande kulturminner og spor etter villreinfangst. I dag er Breheimen eit stor skattekammer. På grunn av stor smelting dei siste åra har mykje spennande smelta fram frå fonner i området. På Lendbrean i Breheimen fann ein blant anna Norges eldste klesplagg i 2011.


Reinheimen

Reinheimen Nasjonalpark er eitt av dei største urørte høgfjellsområda i Sør-Noreg. I likheit med Breheimen finn du også svært variert terreng her. Området strekker seg frå Romsdalen på ca. 130 moh, til toppar på over 2000 moh. I sør og aust er området meir slakt med avrunda toppar og slake viddar, medan mot vest i Tafjordfjella er området brattare. I nordvest er landskapet dramatisk med Trollstigen og dei bratte Trolltindane.

Reinheimen kan by på svært allsidige turopplevingar. Det meste av området er villmark, som i liten grad er tilrettelaggt for friluftsliv, men i Tafjord og vestlege delar av Skjåk finn du merka stigar i og inntil nasjonalparken

Billingen Seterpensjonat er eit flott utgangspunkt for dagsturar og lengre turar i Reinheimen.

I Reinheimen Nasjonalpark finn du mykje av det opphavelege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalg og ryper. Reinheimen er óg særleg rik på kulturminner med store messefangstanlegg, bogestø, fangstgroper og restar etter gamle buplassar. Reinheimen har i dag ei vinterstamme på om lag 2000 villrein, og er av dei mest produktive i landet.

Jakt og fiske i Breheimen og Reinheimen

I Breheimen- og Reinheimen Nasjonalpark finn du utallige fiskevatn. Ynskjer du å søkje villreinjakt eller å kjøpe fiskekort kan du kontakte Skjåk Almenning. Skjåk Almenning har også fleire hytter som du kan leige.

Nyttige lenker:

Breheimen Nasjonalpark

Reinheimen Nasjonalpark

Skjåk Almenning

Norsk fjellsenter

Nasjonalparkriket


Lundadalsvatnet
Foto: Stein Lundemo