Flytt hit

Er du på leit etter det gode liv, ein ny plass å bu? Ein stad der tida kan brukast til det som betyr noko for akkurat deg?  Ein stad der det er godt å vera for både ung og gamal?

Skjåk gjev deg livskvalitet i kvardagen.

Å flytte til Skjåk er eit val av livsstil. Du kan gå på ski til arbeid. Sjå ein villreinflokk frå kontorglaset. Nyte synet av ein stor stjernehimmel på tur til treningssenteret. I Skjåk får du magiske augeblikk kvar dag, heile året!

Ved å bu i Skjåk har du moglegheit til å utgjere ein forskjell for mange menneske, enten det er på arbeid eller i fritida. Her er kvar person viktig, og alle kan bidra for å skape trivsel og gode opplevingar for seg sjølv og andre.

Det er så mangt i livet

du ventar deg og vil.

Men meir enn det å vera,

er det å høyre til.

Jan-Magnus Bruheim

9 grunnar til å flytte til Skjåk

1. God plass

Tid og rom til å leve og oppleve. I Skjåk får du mykje plass for pengane, både inne og ute.


2. Aktiv fritid

Frå bridge til juving, frå kor til gokart. Skjåk har eit rikt idretts- og kulturliv. Her finn du noko for ein kvar smak.


3. Du høyrer til

«Meir enn det å vera, er det å høyre til.» Kjensla er vanskeleg å beskrive i ord eller bilete. Den berre er der. Og det kjennes godt.


4. Folk veit kven du er

Alle kjenner til kvarandre. På ein liten plass som Skjåk går det raskt å få oversikt over kven du kan kontakte om kva. Det kan ta litt tid å bli godt kjent, men har du fyrst vorte ven med ein skjåkvêr, har du ein ven for livet.


5. Du trengs

Dugnadsanden lev. I Skjåk har vi for vane å hjelpe kvarandre når det trengs. Det du og dine vil bidra med, stort eller lite, betyr mykje for lokalsamfunnet. Hjå oss er det lett å vera med og gjere ein forskjel – om du vil.


6. Tørt som i Sahara

Paraply og regnklede er framandord for oss som bur her. Skjåk ligg i regnskuggen av dei høge fjella som omkransar oss. Dette gjev eit tørt og stabilt klima med 270 mm i året, omtrent som i Sahara.

7. Ein del av Nasjonalparkriket

Sov under open himmel. Drikk kaldt vatn frå ein bekk. Plukk bær. Nyt frisk luft. Heile 80 % av Skjåk er verna natur. Bli rik på utsikt eller rik på fridom. I nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen står du fritt til å velje.


8. Unike jakt- og fiskemoglegheitar

Prøv smaken av eigenfiska aure steikt på bål. Kjenn på spenninga på elgpost eller i reinsfjellet. Som innbyggar i Skjåk får du rett til villreinjakt, og med eitt fiskekort kan du fiske i 200 vatn og 250 km elv i Skjåk Almenning.


9. Ski heile året

Gå på ski i shorts. Skisesongen i Skjåk har ingen start eller slutt. Stort løypenett av oppkøyrde løyper, skiheis, fjellskiturar, frikøyring og sommarskisenter som næraste nabo.

Servering på idylliske Nordigard Ramstad
Foto: Vegard Breie