Kvardag

Kvardagen i Skjåk er noko av det beste med å bu her.

Sjå elg og hjort på veg til arbeid. Køfritt, utan ljoskryss og garantert parkeringsplass. Effektivt og enkelt.

Kort veg til barnehage, skule, servicetilbod og offentlege tenester. Alt kan gjerast på same tur.

Å kunne bruke tida til det du har lyst til er verdifullt, og her i Skjåk ligg alt til rette for nettopp det.

På fritida kan du nytte deg av dei mange fritidstilboda vi har i Skjåk, eller ta ein tur ut i naturen på ski, sykkel eller med fiskestonga.


No veit eg kva lukke er:
Det er å vakna tidleg
og sjå fram til ein ny dag.

No veit eg kva den
høgaste lukke er.
Det er å gå til ro
etter ein slik dag.

Aslaug høydal
Foto: Vegard Breie