Prøvebu i Skjåk?

Tett på sentrum. Midt i naturen.
Og med den beste utsikten i bygda.

Velkomen inn i det som kan bli den nye heimen din!

Velkomen heim

Drøymer du om eit liv på bygda med meir tid og meir plass, og ein kvardag der du kan gjera ting som du vanlegvis berre gjer i ferien? I Skjåk kan du prøvebu bygdelivet trygt og rimeleg i splitter ny bolig før du bestemmer deg for om du skal bli verande eller ikkje. Og når du endeleg bestemmer deg for å bli skjåkvêr på heiltid, får du moglegheit til å kjøpe den same boligen til ein gunstig pris – eller få hjelp til å finne ei luggum tomt eller ein annan bolig som kan bli den heimen din.

Dette gjer vi fordi vi veit at det å flytte er eit stort steg å ta i livet. Det er ikkje berre lett å hoppe i det og bygge seg eit hus utan at ein kjenner staden og menneska. I Skjåk ynskjer vi å gjere terskelen lågare. Og det gjer vi blant anna med ”Prøvebu i Skjåk”. Eit tilbod som gjev deg moglegheit til å realisere draumen trygt, enkelt og rimeleg ved å prøve korleis det er å bu og leve i bygda vår.

Om prøvebustadane

I Skjåk byr vi på både hjarterom og husrom.  Difor har vi teke både byggjekostnader og verditap for deg, og bygd flunkande nye og moderne tomannsboliger som står klare for deg som ynskjer å prøvebu det gode kvardagslivet i Skjåk.

Boligane kan du leige rimeleg i inntil tre år. Etter leigeperioda kan du sjølv bestemme om du vil kjøpe den same boligen til ein svært rimeleg pris, eller finne deg ein annan luggum plass å bu i bygda.

Boligane er bygd i 2023/2024, og har det meste som du treng for å koma godt i gang med det nye livet i Skjåk: godt med plass over to etasjer, kvitevarer, gangavstand til butikkar, nybygd skule, barnehage, kaféar, treningssenter og andre fritidstilbod. Og ikkje minst: utruleg fin utsikt mot inngangsporten til Breheimen.

For å ha moglegheit til å prøvebu i Skjåk må du anten ha tilbod om jobbvikariat på minst 1 år, ha tilbod om fast stilling, eller vera sjølvstendig næringsdrivande.

Og viktigast av alt: du må ha eit ynskje um å bu og arbeide i Skjåk.

Målet med ordninga er å bidra til å sikre alle dei fine bedriftene i Skjåk tilgang til nok arbeidskraft, noko som i sin tur gjer livet på den nye heimplassen din betre for oss alle.

Velkomen heim!

Det er også moglegheit for å prøvebu gratis ei helg i vår møblerte prøvebustad i vår..

Skriv ein mail til Tea der du beskriv kven du/dykk er, og kvifor akkurat dykk ynskjer å prøvebu i Skjåk.

Kan dette vera noko for deg?