Byggryn frå Skjåk

 

Ofossen Mølle

Skjåkmjøl og Skjåkgryn frå Ottadalen Mølle blir produsert ved Ofossen Mølle. Mølla er eit kulturhistorisk minnesmerke som vart etablert i 1865.

På Ofossen Mølle blir råvarene foredla i dag som det har vore gjort heile tida, med steinmølle og godt handverk. Vi tek oss av kornet frå jord til bord, og kan garantere eit trygt og velsmakande produkt.

Ottadalen er det mest nedbørsfattige område ti landet. Kunstig vatning med smeltevatn fråfjell og bre gjer at jorda får vatn til rett tid. I kombinasjon med godt jordsmonn og gunstige temperaturtilhøve, gjev dette byggen frå Ottadalen ein svært god kvalitet.

Urkornet

Bygg er sjølve urkornet i Ottadalen og har vore dyrka i tusenvis av år. Kornet inneheld mykje kostfiber, antioksidantar, B-vitamin og mineralar og har eit stort bruksområde. Delar av dalføret får mindre nedbør enn ørkenen i Sahara. Det er vatn frå bekk og elv som gjer det mogleg å dyrke denne fyrsteklasses råvara.

Skjåkmjøl

Skjåkmjøl er produsert av lokal bygg frå Ottadalen. Den gamle og unike skrelle-maskina og hammermølla på Ofossen mølle er fortsatt i bruk og gjev eit mjøl der 90% av kornet er med i mjølposen. Skjåkmjøl er eit sammale mjøl, som høver godt til bakverk, graut, kaker og mange andre rettar.

Skjåkgryn

Skjåkgryn er produsert av lokalt dyrka bygg der 80% av kornet er teke vare på. Skjåkgryn høver godt til mange middagsrettar. Gryna bør liggje i vatn nattaover og kokast i 1 1/2 – 2 timar før bruk.

Byggrynskrem

Graut:
2 dl Skjåkgryn
1/2 splitta vaniljestong
6 dl mjølk
2 ss sukker

Krem:
3-4 dl fløyte
2 ss sukker


Kok gryn, vaniljestong, mjølkog sukker på svak varme i 1-1,5 time. Rør ofte. Avkjølgrauten. Pisk fløyten medsukker og bland kremen igrauten. Servér med raud saus eller bærpuré.