Barnehagar og skule

I Skjåk satsar vi på barn og unge, og naturen blir brukt aktivt som læringsarena. Vi har eit godt og allsidig barnehagetilbod og ein ny 1-10 skule.

Bismo barnehage

Bismo barnehage ligg midt i Bismo sentrum. Barnehagen vart nybygd i 1983,  og utvida i 2004. I dag har barnehagen to småbarnsavdelingar (0-3 år), og ei avdeling for større barn (3-6 år). Næraste nabo er Skjåk barne- og ungdomsskule, idrettshall, friidrettsbane og symjehall.

Bismo barnehage er ein Friskusbarnehage og vektlegg fysisk aktivitet i kvardagen. Her er det eit stort og variert uteområdet som inneheld bl.a skog, naturleikeplass, gapahuk og grillhytte, gode turmoglegheiter rett utanfor gjerdet, og Skjåkhallen som næraste nabo.

Det blir lagt vekt på sunne og trivelege måltider med mykje frukt og grønt. Visjonen til Bismo barnehage er «Sjå ljost på livet», og dei ser kvar dag som ei ny moglegheit til å møte små og store med eit ope og positivt sinn.

Bismo barnehage ynskjer å gje borna ein barndom full av leik, glede, erfaringar og gode minne.

Dønfoss Naturbarnehage

Dønfoss naturbarnehage ligg ca 10 km vest for Bismo, midt i skogen med utfordrande og variert utemiljø, og ett godt tilrettelagt innemiljø.  

Barnehagen legg vekt på leik, læring og opplevingar i nær kontakt med naturen. Dønfoss naturbarnehage vektlegg kunnskap om naturen, både det å vera i naturen og ha respekt for den. I Dønfoss naturbarnehage er naturen læringsarena for meistring, samspel og begrepsforståing.

Elgjakt, slakting, fisking og innhausting frå skogen og eigen kjøkkenhage er eit av barnehagen sine prosjekt.  Av dette lagar dei matrettar frå botnen av, slik at borna får kjennskap til kvar maten kjem frå.

I kjellaren har dei bakstrom med takke og alt utstyr som skal til. Her får borna erfaring med å bake flatbrød og lefse. Snekkerbod med tilhøyrande utstyr har dei også.  Utanfor vindauga har dei fuglekarnapp og fuglekasser med kamera, så på tvskjermen fylgjer dei nøye med når fuglane byggjer reir, legg egg og klekkjer. På uteområdet er det også kaningard, og i gangavstand fra barnehagen ligg eit gardsbruk der borna blir kjende med kalving og lemming. Området langs Ottaelva er ein naturleg del av leikemijøet.

Om vinteren er ljosløypa og akebakken flittig brukt, dette ligg rett utanfor døra.  Litt lenger inn i skogen har dei lavvo med bålplass både ute og inne. Der har dei laga ei naturhinderløype, som stadig er i utvikling. 
Dønfoss naturbarnehage arbeider systematisk og målretta med born si psykiske og fysiske helse, med fokus på trygge relasjonar og born sine behov for tilknytning, og legg til rette for variert og stimulerande leik både ute og inne.

Holemork Barnehage

Holemork barnehage ligg 4 km aust for Bismo sentrum, og er godkjent for 36 plassar. Barnehagen ligg i rolege omgjevnader, og nyttar mykje naturen i nærområdet. Det er opparbeidd eigen uteplass med lavvo i gangavstand frå barnehagen. På uteområdet til barnehagen har vi eit stort bålhus som vert nytta til ulike aktivitetar.

Skjåk barne- og ungdomsskule

Skjåk barne- og ungdomsskule finn du i kommunesentret i Skjåk, Bismo. Den nye 1-10-skulen i Skjåk stod ferdig til skulestart i 2018.

Skulen framstår i dag som ein topp moderne opplæringsarena med alle fasilitetar.

Lom og Skjåk kulturskule

I Skjåk har vi kulturskule for born og unge. Kulturskulen har eit breitt tilbod innan musikk, dans, idrett, kunst og kultur.

Film: Augeblikk studio