Designmanual

Visuelle retningslinjer for næringsliv, lag, organisasjonar og kommunen.

Vi ønskjer å byggje stoltheit og bevisstheit rundt dei verdiane vi har i bygda. Vi skal synleggjere Skjåk sitt mangfald av tenester og aktivitetar.

Det skal vere enkelt å identifisere Skjåk, for innbyggjarar, næringsliv, lag og foreininger, besøkande, hyttefolk, folk på gjennomreise og tilflyttarar. Vi ynskjer å favne alle; ulike brukarar, aldersgrupper, verksemder og livsfasar.

Heilskap og samanheng er viktig, og den visuelle identiteten skal gjere det mogleg å kjenne att Skjåk i alt den gjer og på alle nivå, og bidra til å skape tillit og forståing. Den visuelle identiteten skal og signalisere fornying.