Om oss

Skjåk.no skal vera ei aktiv nettside for oss som bur her, besøkande og for moglege tilflyttarar.

Vi har eit ynskje om at Skjåk skal vera godt synleg, og at informasjon som folk etterspør skal vera lett tilgjengeleg.

Det er på nettet det skjer. Å sjekke ut attraktive arbeidsplassar, fritidstilbod og boligmarknaden. Kan det vera noko for meg? Summen av desse inntrykka er med å modne beslutningane våre over tid.

Å velge å flytte er ein langsiktig prosess, som ofte involverer fleire enn deg sjølv. Derfor tenkjer vi å vera her for å gje inspirasjon, pirke i lengselen etter å høyre til, vatne jobbdraumane, og å dyrke bulysta til alle der ute. Gjennom heile året. Gjennom fleire år.

Skjåk – naturlegvis


Skjåk

Skjåk ligg i Ottadalen i Innlandet fylke mellom majestetiske fjell og flott natur for friluftsliv, med Reinheimen nasjonalpark i nord og Breheimen nasjonalpark i sør.

Kommunesenteret i Skjåk heiter Bismo, og her finn du shoppingmoglegheiter, servicetilbod, daglegvarar, kafèar og kro med god lokal mat.

Skjåk har to nasjonalparkar, Breheimen og Reinheimen. Her er det store og inngrepsfrie område, med eit rikt dyreliv, vill natur, høge toppar og fleire isbrear. Det er også fantastiske jakt og fiskemogleigheiter. Ynskjer du meir informasjon om jakt og fiske i Skjåk, sjekk ut Skjåk Almenning.


Grønt fokus

Skjåk er ei vakker kommune i villreinens rike, med majestetiske fjell, krystallklare vatn og spektakulære isbrear. Det er vår oppgåve å sikre at den framleis er like vakker og levedyktig når det er våre barn og barnebarn sin tur å bruke den. Det er viktig for oss å ta vare på landskapet, samfunnet og den tradisjonelle livsstilen. 

Som reisande er det mykje du kan gjere for å sette mindre avtrykk. Om du blir lenger på same plass, vil klimagassutsleppa bli mindre og du får tid til å oppeleve meir. Her er nokre tips til korleis du kan gjere ferien din grønare. 

Foto: Nasjonalparkriket


Naturleg aktivitet 

Norge er ein stor naturleg trivselspark. Vandring, sykling, kajakk, klatring ski- og toppturar er nokre av dei mest populære friluftsaktivitetane i landet. Her i Skjåk kan du prøve alle desse aktivitetane. Bruk gjerne lokale guidar som er lommekjende i området og kan bidra til ei meir interessant oppleving med god lokalkunnskap.

På tur med Naturopplevingar.
Foto: Edvard Mølmen


Kortreist mat

Smak lokale og kortreiste matvarer. Nyt smaken av grønsaker som er sådd og hausta lokalt, kjøt frå dyr som beiter og går fritt i naturen. Fisk din eigen fisk og plukk det du vil ha frå villmarka. 

Rumgraut på Billingen Seterpensjonat
Foto: Yngve Ask


Støtt lokalsamfunnet

Turisme er ei viktig inntektskilde for mange stadar. Vær bevisst på at du legg att pengar der det bidreg mest til lokalsamfunn og miljø. Nytt deg av lokale, kortreiste varar og lokale opplevingar, og du er med på å gjere eit reisemål til ein betre plass å bu og besøke. Reis utanom sesong og sjekk ut plassar ingen har vore før. Og ikkje minst, reis sakte og nyt ferien din. 

Servering på Nordigard Ramstad
Foto: Cathrine Dokken


Forlat naturen slik du fann den

Allemannsretten er eit bevis på at vi har høg tillit til at alle tar ansvar for naturen. Sjølv om store delar av Skjåk består av nasjonalparkar og andre verna område, har vi moglegheit til å nyte desse friluftsområda. Derfor er det viktig at du som besøkande alltid ryddar opp etter deg, og forlet området du har vore i, slik du fann det.