Langrenn

Skjåk har lang sesong for oppkøyrde skiløyper. Som regel kjem dei fyrste løypene i oktober med langrennsføre heilt til mai.

Skjåk kan by på mange mil med maskinpreparerte skiløyper for både klassisk og skøyting. Skjåk turløyper står for oppkøyringa.

Løypene i Skjåk er delt opp i fire løypeområde.

Grotli har fleire løyper, der Grotli høgfjellshotell er eit naturleg utgangspunkt. Det er fleire rundløyper, og løyper mot Hamsevika og Heillstuguvatnet. Parkering ved hotellet, i Hamsevika eller hyttefeltet i Grotli.

Sota har løypenett med utgangspunkt i Sota sæter. Løypene går til Mysubytta, Syrtbyttdalen og til hyttefeltet langs Liavatnet. Parkering på oppbrøytt plass før Sota sæter, eller på Sota sæter.

Botn – Billingen – Nysetra er det største samanhengande løypenettet. Åsen rund-løypa på 22,6 km blir køyrd frå midten av februar. I Botn ligg skistadion med eiga ljosløype. Her finn du og anlegg for skiskyting. Parkering i Botn, på Billingen ved Billingen seterpensjonat, på Nysetra ved Skjåk seter eller ved hyttefeltet i Eldhusgrend.

I Dønfoss er det ljosløype på 7,2 km. Dønfossløypa ligg 9,5 km vest for Bismo sentrum. Parkering ved Coop marked Bruvoll.

Oppdatert informasjon om skiløypene finn du både hjå Skjåk turløyper og på loyper.net.