Sterk og Sprek

Ved eit visst kjøkenbord i 2019 vart det lufta nokre idear om å starte opp ei bedrift med trening som basisinnhald. Det var skjåkguten, Ole Granum, som gjekk svanger med ideen.

Han hadde da avtent verneplikt i Garden og jobba eit år der som treningsassistent. Jobben som treningsassistent var svært inspirerande. Han hjalp personell til å gjennomføre trening og livsstilsendringar. Summe gjekk ned 15-20 kg og vart motiverte av Ole til å trene. Da han såg kva resultat dette gav soldatane og kva det betydde for dei, bestemte han seg for å bruke dimmepengande frå militæret på PT (personleg trenar) utdanning. Mange ser for seg ein PT som ein eller ei som trenar kjendisar og rikfolk for at dei skal ta seg fint ut. Dette meiner Ole er ei myte utdanninga han tok hadde hovudvekt på livsstilsendring og rehabiliteringstrening. Ein månad seinare hadde han fast jobb på SATS i Drammen og der vart han verande i 5 år. 

Kvifor attende til Skjåk?

Ole trivast godt med jobben sin, men etter kvart ønska han å fløtte heim til Skjåk. På spørsmålet om kvifor han ville attende svarar han: «Fyrst og fremst fordi livet i byen ikkje heilt var meg. Eg sakna naturen, den stressfrie livsstilen, og fridomen ein har ved å bu her. Eg sakna og familien, garden og dyra».  Dette er ord som varmar ei som har drive med næring- og samfunnsutvikling i mange år. 

Realisering av draumen om å skape si eiga bedrift

Etter kvart vart draumen om å etablere eit treningstilbod i Skjåk realisert. Ole gjekk etablerarkurs i regi av Skjåk kommune, og han seier han fekk med seg mykje god lærdom der. Han laga sin eigen forretningsplan med budsjett og finansieringsplan. Han søkte etablerarstipend frå næringsfondet, og fekk det for å starte opp bedrifta si, Sterk og sprek. 

Kettlebells

Treningsforma han starta opp med til å begynne med var Kettlebells. Dette er kuler med ulik vekt og handtak som det vart gjort øvingar med. Det er ein gamal sport frå Russland frå om lag 1600-talet.   

Den vart laga av bønder og brukt som ein førebyggande sport. Interessa for sporten har blomstra opp dei siste 10 åra og er svært trendy på marknaden særleg i byane. Sjølve sporten inneber både kondisjon, styrke og fleksibilitet. Kettlebells er lagt opp som gruppetimar, og er såleis svært sosialt og artig. Den er lett å tilpasse ulik form og nivå i ei gruppe. 

Egen IT-avdeling i Oslo

Sterk og Sprek har IT avdelinga si i Oslo. Der jobbar nemleg systera til Ole som grafisk designar og med marknadsføring. Det er ho som har laga logo og heimeside for bedrifta. Facebook og e-post som for det meste vert nytta for å kommunisere utover om tilboda til Sterk og Sprek.  

Skjåk treningssenter

Den fyrste våren fekk han moglegheit til å leie Skjåkhallen, og starta opp med ein prøvetime som var fullbooka på ein time. Sia har det vorte fleire grupper med folk mellom 18 og 65 år, med både karer og kvinnfolk på gruppene. Da politikarene i Skjåk bestemte seg for å fløtte styrkerommet frå Skjåkhallen til gamle Skjåk snikkeri, var Ole naturleg å få med i planlegging og gjennomføring av dette. Han hadde bygd opp treningssenter før og hadde erfaring med dette. Resultatet står nå klart som eit flott anlegg som er oppgradert med store lyse lokalar med stor takhøgde og eigen gruppetreningssal. Det er Harald de Presno som eig bygget og som har bygd anlegget. Skjåk kommune leiger treningssenteret og Ole Granum betaler leige til kommunen for den tida han brukar på gruppetrening.

I jula var dette ein viktig samlingsstad særleg for ungdom som var heime på juleferie. Det er fleire og fleire som nyttar seg av tilbodet og summe gonger er det så mange som 15 til 20 personar som nyttar seg av stryketreningstilbodet i det nye senteret på ein gong. Senteret har vorte til gjennom mykje dugnad frå ei friviljugarbeidsgruppe. Dei har jobba med å planlegge senteret og få tilbodet opp og stå. Det er stadig under utvikling og det er berre å spele inn behov slik at det blir komplett etter kvart.

Ulike treningsformar og gruppetimar

I skrivande stund har det vorte fleire treningstilbod på treningssenteret i tillegg til vanleg styrketrening. Ole har to kettlebells timar i veka og i tillegg Bootcamp som er sirkel, base og kondisjonstrening. Han har og starta med Trippeltrening som består av 20 min tøying med foamroller, 20 min kjernetrening med eigenvekt og matter og 20 min høgintensiv trening. Dette er ypperleg starttrening for dei som ikkje har trena på ei stund, meiner Ole. Han ønskjer ikkje å etablere tilbod som konkurrerer med andre tilbod som fins i bygda, som spinning, pilates og yoga. Han meiner at det er viktigare at dei som tilbyr trening jobbar saman og supplerer kvarandre.

PT-timar

Det neste tilbodet som Sterk og Sprek ønskjer å starte med er 1:1 timar med personleg trening. Dette er etterspurt og noko som Ole har jobba mykje med før. Det er mange som ikkje kjenner seg trygg på å drive med styrketrening og her kan dei få god rettleiing både på sjølve treninga og å sette seg realistiske mål. Det er dette som er noko av det mest gjevande eg driv med og der eg verkeleg kan bruke utdanninga mi, seier Ole. 

Enda meir aktivitet

Det er mange fleire moglegheiter for å få til enda meir aktivitet på det nye treningssenteret, meiner Ole. Der eg jobba tidlegare var det mange bedrifter som hadde eigne treningstimar, eller dei sponsa trening for dei tilsette. Kan hende kan dette vere noko for bedrifter i Lom og Skjåk også? Før kvar treningsperiode på 10 veker, har Ole ein prøvetime. Dette for at ein kan kjenne på kva dette er slags treningsform og om det høver for ein. Det er også mogleg med drop inn timar.

KOM OG PRØV!

Til slutt oppmodar Ole i Sterk og Sprek til å kome og prøve. Det er ikkje slik at ein må vere sprek for å vere med. Han ynskjer at flest mogleg skal få moglegheit til å trene med sitt utgangspunkt for å halde seg i form og såleis ha ein betre kvardag.