Kvandalsvoll i Bøverdalen

På Kvanndalsvollan i Bøverdalen er det spor etter gardsdrift frå mange hundre år tilbake. Her på 700 meter over havet blir tradisjonane med aktivt fjellandbruk haldne i hevd. Ruth Edel Kvandalsvoll Kvålshagen og mannen hennar Terje Marstein driv mjølkeproduksjon på ku, kjøttproduksjon på storfe og sau, samt produksjon av honning.     

Ruth Edel Kvandalsvoll Kvålshagen og mannen hennar Terje Marstein driv mjølkeproduksjon på ku, kjøttproduksjon på storfe og sau, samt produksjon av honning.
Ruth Edel Kvandalsvoll Kvålshagen og mannen hennar Terje Marstein driv mjølkeproduksjon på ku, kjøttproduksjon på storfe og sau, samt produksjon av honning.
Foto: Augeblikk studio

Tidlegare var det både mjølkeku og mjølkegeit på garden, men på slutten av 80-talet måtte daverande drivarar ta eit val om vidare produksjon. Det var mor til Ruth Edel som trakk det lengste strået og fekk innfridd sitt ønske om å satse på mjølkeku. Det er Ruth Edel glad for i dag. Ho kan og vere glad for at dei framsynte foreldra hennar såg nytta av å bygge lausdriftsfjøs til mjølkeku i 1990. Innan 2034 må alle storfe vere oppstalla i lausdrift, og for dei som allereie har eit velfungerande lausdriftsfjøs kan dei fortsette å drive med same driftsapparat, til forskjell frå dei som har båsfjøs og som må investere viss dei skal drive vidare etter 2034. Ruth Edel og Terje har kunne drive garden utan å måtte gjennomføre veldig omfattande investeringar i driftsapparatet, og det betyr ein del for økonomien og lønnsemda i drifta.

Ruth Edel er odelsjente på garden og følte nok kanskje på eit press om å ta over garden etter foreldra. Terje som har vore med i drifta sidan 2014 har alltid hatt ei interesse for landbruk.

«- Det har mykje å seie at Terje kom hit og ville drive garden saman med meg, og det at han har interesse for landbruk. Det er fint å vere to om drifta.»

Aktiv bruk av utmarksressursar

Ruth Edel og Terje har dyra sine på utmarksbeite om sommaren, og kan ta fri frå fjøsstell i nokre veker. Heile besetninga blir frakta inn i naturskjønne Høydalen der dei har tilgang på store områder med godt beite. Utmarka er ein viktig fôrressurs for gardbrukarar i Lom og Skjåk, og mange er avhengige av å nytte utmarksbeite om sommaren for å ha nok grovfôr i produksjonen. Ved å kastrere oksane får Ruth Edel og Terje nytta utmarksbeite og i okseproduksjonen, og det har positive effektar for dyrevelferda. Aktiv bruk av utmarksbeite er heilt avgjerande for å halde kulturlandskapet i hevd og ta vare på det biologiske mangfaldet. Nyare studiar viser og at det har ein positiv innverknad på opptak av CO2 i jorda. I klima- og berekraftsamanheng har nok matproduksjon i fjellbygdene ein vesentleg fordel samanlikna med dei meir intensive driftsformene i landbruket. Ruth Edel og Terje er einige om at viss ein skal utnytte desse fordelane så må verkemidlane i større grad innrettast mot driftsopplegg og ressursutnytting i fjellandbruket.    

Fleksibel og variert kvardag

Som bonde er ingen arbeidsdag lik, og drivarane på Kvanndalsvollan set pris på å ha varierte arbeidsoppgåver og det å kunne utfylle eigenskapane til kvarandre. Terje likar best å drive med praktisk arbeid, medan Ruth Edel som har deltidsarbeid ved sida av som rekneskapsførar gjerne tek seg av det administrative på garden. Alt i alt er det mykje ein må kunne som gardbrukar, og det er ein fordel å vere allsidig. Det dei nok sett aller mest pris på ved å vere gardbrukar er at dei rår seg sjølve, og kan leggje opp arbeidsdagen slik dei sjølv ønsker.

– Er det fint vêr ein dag kan ein ta seg en kaffi ute. Om vinteren har ein anledning til å ta seg ein skitur midt på dagen.

Ein stor del av gardsdrifta handlar om biologi og det å dyrke mat på naturen sine premissar. Det er viktig at dei grunnleggande elementa fungerer. Terje er tydeleg på kva som er hans drivkraft:

«- Eg synest det er givande å sjå at graset vekst og dyra trivst.»

Birøkt som attåtnæring

Som ein av få i Ottadalen har Ruth Edel starta produksjon av honning. Ho fekk lyst til å prøve noko nytt, og fatta interesse for birøkt. Fyrste bifolk, det vil seie ei biedronning med fylgje av arbeidarar og dronar, kom frå Vågå og til gards sommaren 2018. Seinare har ho kjøpt fleire frå vestlandet, og har laga avleggjarar så ho nå har 11 bifolk. På grunn av korte somrar er det ikkje så lang sesong for biene å samle nektar til honning, og det blir ikkje så mange kilo med honning som andre stader i landet, men dei kiloane som blir er til gjengjeld veldig gode! Og Ottadalen er spesiell med friske bier og lite sjukdom. I 2022 har biene hennar produsert 70 kilo honning som ho sel til privatpersonar og bedrifter i Lom.

To glas med honning fra Kvandalsvoll sitt eige bifolk.
To glas med honning fra Kvandalsvoll sitt eige bifolk. Foto: Augeblikk studio

Nøkkelfakta

125 000 liter i kvote
21 mjølkekyr
25 vinterfôra sau
11 bifolkk
Kastratar
Haustkalving
234 dekar fulldyrka jord og 190 dekar innmarksbeite
Inspirasjonsbøndene Ruth Edel og Terje i fjøset saman med ei ku.