Etablere bedrift?

 

Gründerbygda Skjåk

Opp gjennom tidene er det mange som har starta si eiga bedrift i Skjåk. Gode idear har resultert i solide bedrifter med arbeidsplassar for fleire. I Skjåk heiar vi på kvarandre, her er det lov å lykkast og vi unnar kvarandre å gjere det godt.

 

Bli gründer i Skjåk!

Skjåk kommune oppmuntrar folk som vil starte nye bedrifter og utvikle eksisterande næringsliv. Det er oppretta ei eigen etablerarstøtte som kan bidra til utviklinga av din idé.

Har du ein god forretningsidé, kan vi bidra til idéutvikling, nettverksbygging mot fagmiljø og hjelpe deg med å finne kurs og støtteordningar som er tilgjengelege i oppstartsfasa.

Før og under ei bedriftsetablering er det ofte mange små og store spørsmål det kan vera nyttig å drøfte med nokon. Vi tek ikkje betalt for rådgjeving og har sjølvsagt teieplikt.


Næringsfond

Heilt unikt for Skjåk er næringsfondet vårt. I samband med kraftutbygging i Skjåk, er det forhandla fram avtaler som gjer at vi har eit solid næringsfond. Næringsfondet skal kome næringslivet i Skjåk til gode.

Har du ein god idé, ta gjerne kontakt med næringssjefen vår, Marianne. Ho kan hjelpe deg i gang og kople deg på mange andre aktuelle aktørar som til dømes Innovasjon Norge, Nasjonalparkriket, Skåppå AS, vår lokale Sparebank 1 Lom og Skjåk eller andre næringsaktørar.

Vi ynskjer oss fleire gründerar og nyetablerarar. Har du ein god idé eller treng støtte? Ta kontakt med næringssjefen for å høyre meir.

Les vedtektene i Skjåk kommune næringsfond.


Fordelar med å starte opp i Skjåk

  • Skjåk er ei kommune med svært stabil arbeidskraft.
  • Skjåk kommune ligg i såkalla sone 3 for arbeidsgjevaravgift, noko som gjer at du som arbeidsgjevar må betale ei arbeidsgjevaravgift på 6,4% i staden for makssatsen på 14,1%. Det sparar du mykje på!
  • Låg arbeidsledigheit.
  • Lite bilkø og ingen ljoskryss på veg til jobb.
  • Stabilt klima og lite nedbør.
  • Vi ligg i hjarta av Sør-Noreg, med like stor avstand til byane Oslo, Bergen og Trondheim.

Går du med ei gründerspire inni deg?

Foto: Edvard Mølmen