Elgsafari

I Skjåk er det å sjå elg ein del av kvardagen. Bli med på elgsafari og sjå skogens konge på nært hald.

I Skjåk er det eit yrande dyreliv, og både elg, hjort og rådyr er eit vanleg syn nede i bygda. I ein del område er elgen spesielt tilstades, og det er slett ikkje uvanleg å treffe på mange dyr i løpet av ei utflukt.

Elgen er skogens største pattedyr med ei skulderhøgde opp mot 2,3 meter. . Tek du ein tur rundt i bygda i grålysninga eller skumringa, er det stor sjanse for å sjå elg på jordene opp mot skogen.

Skjåk Adventure tilbyr elgsafari frå 1. juni til 15. august.