«Ein følte seg velkomen og folk tykte det var bra at ein kom attende til Skjåk»

Navn: Kari Hånsnar
Alder: 45
Heimplass: Hånsnar gard
Yrke: Gardbrukar og tilsett i Skjåk kommune i ei stilling delt mellom landbrukskontoret for Lom og Skjåk og kultur

Favorittplass i Skjåk:
– Favorittplassen min i Skjåk må vera på Åsen og Honnsrøve. Eg har sæter på Åsen og slepper alle sauane mine i Honnsrøve på sommaren. Det er så triveleg å koma til eit levande sæterlandskap med sau, ku og geit. På sætra finn eg roen.

Kvifor valde du å flytte attende til Skjåk?
– Eg budde 14 år borte frå Skjåk, med eit år i Sogndal og resten i Oslo. Det var fleire år med utdanning på Idrettshøgskulen, og etter det fekk eg jobb i Norges bandyforbund der eg var leiar for utviklingsavdelinga for innebandy. Eg dreiv idrett på høgt nivå, med fleire år på landslaget i innebandy og 5 VM-sluttspel. Etter kvart var eg ferdig med idrettskarriera, og med ungar på veg, var det heilt naturleg å tenke seg heim til Skjåk. Byen vart eg ferdig med. Eg hadde gode år der, og er glad for alt eg fekk vore med på av både utdanning, arbeid og fritid, men friheita, naturen, nærheit til familien, det å ha god plass og mindre stress rundt seg lokka meir og meir.
Eg har støtt vore veldig glad i dyr og gardsarbeid, så det å ta over garden heime vart og etter kvart heilt naturleg.

Korleis opplevde du å komme heimatt?
– Det var veldig trygt og godt å kome heimatt. Eg vart godt motteken og møtte berre positivitet. Det var god hjelp å få i kommunen da bedrifta skulle etablerast. Ein følte seg velkomen og at folk tykte det var bra at ein kom attende til Skjåk.

Kva er det beste med å bu i Skjåk?
– Det aller beste med å bu i Skjåk er at ein har så god plass og mykje betre tid. Ein slepp alt stresset rundt seg med mykje folk og trafikk som hastar hit og dit. For meg vart alt så mykje enklare. Berre det å gå på eit offentleg kontor vart veldig enkelt. Det er reint utruleg kva ein kan vinnast på i løpet av ein dag i Skjåk. I tillegg er det tryggheita. Ein kjenner «alle», ungane har det trygt og godt med mange fritidstilbod og eit oversiktleg miljø å vekse opp i, og ein føler seg ivareteken og at ein betyr noko for lokalsamfunnet. Det er berre ein sjølv som set grenser for kor mykje ein vil vera med på og engasjere seg. Moglegheitene er så mange.

Og så må eg nemne at det er så mange flinke og trivelege folk i Skjåk. Det er eit raust samfunn der det er lov å prøve, lov å satse, og rom for å ikkje vera lik alle andre.

Kva er det beste med jobben din?
– Det beste med jobben min er variasjonen og fleksibiliteten. På garden trivst eg veldig godt med å få arbeide med dyr og alt det praktiske arbeidet frå å køyre møkk til å ta i mot lam. Og det å kunne produsere sin eigen mat er eit stort pluss! I kommunejobben er arbeidet variert innan både kultur og landbruk. Vi er eit veldig bra team med gode kollegaer, og ikkje minst får eg treft mykje triveleg bygdafolk både i Lom og Skjåk gjennom arbeidet.

Var det lett å få arbeid når du flytte heim?
– Å få arbeid har aldri vore noko problem. Dei fyrste åra i Skjåk dreiv eg innan reiselivet med rafting og fjellguiding. Eg etablerte min eigen arbeidsplass, Lom & Skjåk Adventure. Etter eit par år fekk eg i tillegg arbeid i Skjåk kommune som aktivitetsleiar. Begge delar passa godt med utdanninga eg hadde og interessene mine. Etter kvart nærma det seg tid for å overta garden heime. Da tok eg agronomutdanning. Nå driv eg garden med hovudsakleg sau og gris, samt at eg har ei stilling i kommunen som er delt mellom kulturkonsulent og arbeid på landbrukskontoret for Lom og Skjåk.

Beskriv di optimale Skjåk-helg!
-Ei optimal helg er ei helg utan dei store planane, men med haugevis av moglegheiter.
Ei morgonøkt med trening av gjetarhundane mine, ein tur på sætra med familien for å sjå etter saueflokken og kanskje prøve fisken, og avslutte med eit forfriskande bad i elva og ein kveld på verandaen med god mat og drikke. Da kjenner ein på lykkefølelsen!

Kari´s topp tre favorittar i Skjåk:
-Dette er vel klassiske svar, men er likevel heilt avgjerande for meg:

1. Godt med plass og tid
2. Tryggheit og friheit
3. Naturen og klimaet