Det var ingen spørsmål om kvar dei skulle busetta seg

Da paret møttest, gjorde Inge det klart med ein gong at dersom det skulle bli noko mellom dei, måtte Rita vera med å fløtte til Skjåk. – Det har ho ikkje angra på.

Navn: Inge Morgen (40) og Rita Kirkenes (37)
Heimplass: Bur i Jøingslie nå. Inge har vokse opp i Skjåk, Rita er frå Smøla.
Yrke: Rita er utadanna innan landbruk, grafisk design, i tillegg til lærarutdanning. I dag er ho dagleg leiar i deira eigen bedrift, Tyt uttu. Inge er utdanna sjukepleiar og historikar, og arbeider nå som visjonsberar i Tyt uttu og Tyt teknologi.

Bedrifta Tyt uttu produserar mikrogrøng innandørs heile året i Skjåk. Gjennom Tyt teknologi jobbar dei med å utvikle dyrkingssystem for innandørs matproduksjon.


Favorittplass i Skjåk?
-Oppe på fjella og inne i skogen.

Kvifor valde dykk å flytte til Skjåk?
– Inge visste at han skulle fløtte tilbake til Skjåk etter at han var ferdigutdanna. Paret møttest via Tinder, der Inge gjorde det klart at dersom det skulle bli noko mellom dei, måtte Rita vera med å fløtte til Skjåk. Etter nokre år i Levanger, heiv dei seg rund tå fløtte til Skjåk.

Kva er de beste med å bu i Skjåk?
– Det beste er at det er fredleg her.

Kva fyller dykk fritida med?
-Fritid og jobb sklir over i kvarandre når ein driv eiga bedrift og prøver å bli sjølvberga. Ellers driv paret ein del med friviljug arbeid, begge er glad i å lesa både relevant og urelevant litteratur, dei spikkar, syr, tek vare på sine afrikanske kjempesniglar, dei franske vedderane, hunden deira, går turar i skogen, og heng saman med folk dei likar.

Kva er dykkar beste tips til nokon som vil flytte til Skjåk?
-Gjer ein innsats i å få eit mangfaldig nettverk. Dei anbefaler folk å ta kontakt med Edvard på Friviljugsentralen, at dei kjøper produkt direkte frå lokale produsentar, og at du seier «haalloo» til alle du møter.

Rita og Inges topp tre favorittar i Skjåk:

  • Elva
  • Friviljugsentralen
  • Barna og ungdommen som bur i Skjåk