Bedriftsportrett

Skjåk har eit variert og spennande næringsliv, med engasjerte folk som skaper verdiar kvar dag. Gjennom bedriftsportrett ønskjer vi å løfte fram noko av dette mangfaldet,- frå etablerte verksemder til nyskapande initiativ.

Her vil vi dele innblikk i bedriftene våre, menneska bak og det arbeidet som blir lagt ned. Målet er å synleggjere breidda i lokalt næringsliv, inspirere og gje eit nærare inntrykk av kva det vil seie å drive og arbeide i Skjåk.

Følg med og bli betre kjent med næringslivet vårt!

03. aug 26

NUK AS – bedriftsportrett

Da Dmytro Artemenko kom til Skjåk frå Ukraina i 2023, hadde han med seg 24 års erfaring frå byggjebransjen. Han fekk etablerarstipend frå Skjåk kommune og starta bedrifta NUK AS, som er ei veksande byggjebedrift med tre faste tilsette og tre vikarar. Ambisjonen er å skape fleire arbeidsplassar og utvikle verksemda vidare i Skjåk.

Les heile artikkelen
21. jul 26

Bøstugu – bedriftsportrett

Midt i Bismo ligg Bøstugu og Galleri Mathilde, ein heilt spesiell kombinasjon av nisjebutikk og galleri. Her finn ein garn og strikkeutstyr, interiør, tekstilar, gåver, kunst og lokalt kunsthandverk i særeigne omgjevnader som skil seg ut frå det meste anna. Samstundes er Galleri Mathilde ein viktig møteplass for kunst og kultur i bygda, med den årlege Skjåkutstillinga som eit naturleg høgdepunkt.

Les heile artikkelen
26. jun 26

Skjåk Gartneri – bedriftsportrett

Skjåk Gartneri er eit unikt og viktig tilbod i bygda, – eit grønt samlingspunkt som trekkjer både fastbuande og tilreisande. Med fagkunnskap, godt vertskap og stort engasjement har Anne Grete Skjåk og Jon Sigurd Bøhle utvikla ein møteplass som skapar liv, trivsel og stoltheit i Skjåk.

Les heile artikkelen
29. mai 26

Skjåk fotklinikk AS – bedriftsportrett

Med fagleg tryggleik og eit stort engasjement for kundane sine har fotterapeut Liv Mona Rusten bygd opp eit viktig og etterspurt tilbod i Skjåk.

Les heile artikkelen
18. jun 23

Nordigard Ramstad – bedriftsportrett

På solsida på Ramstadstrondi i Skjåk ligg ein gard som ikkje er som andre gardar i Ottadalen.

Les heile artikkelen
29. mai 23

Tine Meieriet Lom og Skjåk – bedriftsportrett

TINE Meieriet Lom og Skjåk, tidlegare Lom og Skjåk dampysteri, er 93 år i år. På innsida er det ei ...
Les heile artikkelen
29. mai 22

Sterk og sprek – bedriftsportrett

Han hadde da avtent verneplikt i Garden og jobba eit år der som treningsassistent. Jobben som treningsassistent var svært inspirerande. ...
Les heile artikkelen
01. jul 21

Øystein – attendefløtt Skjåkver

Å få arbeide med å vise folk den fantastiske naturen vi har, er det beste Øystein veit.

Les heile artikkelen
29. mai 21

Aura Gris – bedriftsportrett

Skjåkgrisen er verdskjent. I 1950 tok ivrige grisebønder til med veging og spekkmåling av gris. Dette for å avle fram ...
Les heile artikkelen
29. mai 21

Skjåk Synssenter – bedriftsportrett

Håvard Hole har etablert seg i flotte lokalar på Skjåk Kjøpesenter, og har drive verksemd der sia 4. juli i ...
Les heile artikkelen
29. mai 21

Laila’s Hjemmelagde – bedriftsportrett

Det lir mot jul og ein smak av julekakene står klare på kjøkenbordet, når næringskontoret kjem på besøk for ein ...
Les heile artikkelen
03. nov 20

Systun Vange – bedriftsportrett

I 1981 selde Reidar Blakarstugun ny traktor til garden Systun Vange i Skjåk. Den gongen gjekk Vidar Vange som driv ...
Les heile artikkelen
29. mai 20

Skjåk Trelast – bedriftsportrett

Her luktar det godt av tre og diesel same kor ein snur seg. Det er litt slitne hus og enorme ...
Les heile artikkelen
29. mai 17

Grimstadøygardsetra – bedriftsportrett

Grimstadøygardssetra har vore i samanhengande drift så lenge folk kan hugse. Setra høyrer til garden Grimstadøygard i Skjåk og det ...
Les heile artikkelen