Skjåk Slakt AS – bedriftsportrett

Skjåk Slakt har på få år vakse frå kjøtskjering i garasjen til ei profesjonell sesongverksemd med kundar frå heile Nord-Gudbrandsdalen.

Frå garasjen på garden til 22 tonn kjøt i året

Det som starta med kjøtskjering i ein garasje på garden, har på få år vakse til ei travel sesongverksemd. I 2025 skar Skjåk Slakt AS rundt 22 tonn kjøt fordelt på om lag 250 slakt. Når sesongen i full gang, og det er lange dagar for Ola Jon Staurust og familien.

Når vi kjem på bedriftsbesøk til Skjåk Slakt, møter vi Ola Jon Staurust, og mor Else Mona Staurust. Kjærasten til Ola Jon, Randi Grønseth er også med ved behov. I hovudsesongen er dette ei skikkeleg familiebedrift, der fleire trår til for å få unna arbeidet.

For Ola Jon byrjar arbeidsdagen gjerne lenge før dei fleste andre har stått opp. Klokka kan vere halv fire når han står opp, og mellom fire og halv fem er han i gang med kniven. Nokre timar seinare kjem resten av gjengen for å hjelpe til med pakking, rydding og vask.

Og det er nok å gjere. Berre den siste veka før bedriftsbesøket hadde Ola Jon måtta seie nei til mellom 12 og 15 slakt.

Interessa starta på kjøkkenet hjå bestemor

Interessa for mat og kjøt har følgt Ola Jon lenge. Som liten var han mykje med bestemora på kjøkkenet. Ho arbeidde som kokk på Skjåkheimen, og det var her interessa for matlaging vart vekt.

Sjølv er Ola Jon utdanna både kokk og barne- og ungdomsarbeidar. For om lag 13 år sidan byrja han som kjøtskjerar hjå Breheimen Mat. For Ola Jon har det vore viktig å finne ein arbeidskvardag med rom for fleksibilitet, og ordninga hjå Breheimen Mat fungerte godt.

Etter kvart byrja han også å skjere kjøt på eiga hand.

– Eg starta eigentleg med å skjere i garasjen hjå bestemor mi, fortel han.

Kjøtskjeringa vart noko Ola Jon både trivdest med og meistra godt, og etter kvart såg han moglegheita for å skape sin eigen arbeidskvardag rundt det han var god på. Det same gjeld raftingarbeidet om sommaren.

– Rafting er medisin. Når arbeidskvardagen er fleksibel, fungerer alt mykje betre, seier Ola Jon.

Etterspurnaden voks, og det vart snart behov for meir plass. Mor Else Mona la til rette for at dei kunne gjere om garasjen på garden til lokale for kjøtskjering. Det vart starten på det som etter kvart skulle bli Skjåk Slakt.

Frå garasje til godkjent viltforedlingsanlegg

I 2023 vart Skjåk Slakt og Guide AS etablert. Namnet på selskapet var det sonen til Ola Jon som fann på. Om sommaren arbeider Ola Jon også som raftingguide hjå Skjåk Adventure, medan hausten i stor grad handlar om kjøtskjering.

Vegen fram til dagens lokale har kravd mykje arbeid og store investeringar. Lokalet har vorte utvida fleire gonger, og i arbeidet med å utvikle verksemda trekkjer Ola Jon særleg fram Nils Henry Fosstuen som ein viktig støttespelar.

– Han var genuint interessert i at eg skulle få dette til, fortel Ola Jon.

Lom Bygg stod for byggearbeidet, og Ola Jon legg ikkje skjul på at prosessen fram mot alle godkjenningane har vore krevjande.

– Det har vore både snørr, tårer og sinne for å få det til.

I 2025 kom ein viktig milepæl da Skjåk Slakt vart godkjent som viltforedlingsanlegg. Godkjenninga betyr at vilt kan leverast til anlegget for offentleg kjøtkontroll. Mattilsynet kontrollerer slaktet, og kjøt som blir godkjent får det ovale stempelmerket som dokumenterer at det er kontrollert etter krava i regelverket. Kjøtet kan deretter skjerast ned og omsetjast vidare, også gjennom butikkar, restaurantar og andre verksemder, og kan omsetjast i heile EU/EØS-området.

Dette skil seg frå vilt som berre er kontrollert av ein feltkontrollør etter jakta. Feltkontrollert kjøt kan seljast vidare innanfor visse rammer, men har klare avgrensingar på både oppdeling og vidare omsetning. Skal kjøtet inn i den ordinære vareflyten og kunne seljast vidare utan desse avgrensingane, er kontroll ved eit godkjent viltbehandlingsanlegg avgjerande.

For jaktlag og jegerar i regionen betyr dette at dei har fått eit lokalt tilbod der viltet kan gå heile vegen frå felt slakt til kontrollert og ferdig nedskore kjøt for vidare sal. Ola Jon meiner tilbodet bør vere «gull verdt» for jegerane – særleg i ei tid der krava til omsetning og dokumentasjon av viltkjøt er strenge.

Kundar frå heile Nord-Gudbrandsdalen

I løpet av nokre få år har etterspurnaden vakse kraftig. Jaktlag frå Skjåk, Lom, Vågå, Dovre og Sel brukar i dag Skjåk Slakt.

I 2025 vart det skore om lag 22 tonn kjøt ved anlegget, fordelt på rundt 250 slakt på berre tre og ein halv månad. Berre gris utgjorde rundt 70 dyr. Fyrste veka i elgjakta i år hadde dei 25 slakt.

Ein av dei større faste kundane er Jotunheimen Angus i Skåbu. Herifrå kjem det rundt sju tonn kjøt gjennom året.

Sjølv om den travlaste perioden er frå september til november, varierer arbeidet gjennom hausten. Reinsjakta startar i august, hjortejakta frå september og seinare tek storviltjakta over. Mellom dette kjem mellom anna tamrein, gris og storfe, da stenger vi for anna storvilt.

Det var nettopp jegerane som var mykje av bakgrunnen for at Ola Jon valde å satse.

– Gardbrukarane kan planleggje når dyra skal slaktast. Jegerane veit ikkje kva dag dei kjem med eit dyr. Det var mykje av grunnen til at vi starta bedrifta.

Når det står på som verst, blir det lange dagar. Ola Jon anslår at han arbeidde rundt 300 timar i oktober i fjor.

Har vakse seg ut av kjølekapasiteten

Veksten har også ført med seg ei ny utfordring: plass.

– Vi har utvida og utvida sidan vi byrja, men nå treng vi større kjølekapasitet, seier Ola Jon.

Alt kjøt som skal kontrollerast og stemplast må prioriterast, og med avgrensa kjøleplass er det heller ikkje alltid mogleg å la slakta henge så lenge som ønskjeleg. I dei travlaste periodane må Ola Jon difor seie nei til mange oppdrag.

Samtidig er vidare utviding kostbart. Bedrifta har gått med overskot sidan starten, men mykje av overskotet har så langt gått rett attende til investeringar og utvikling av verksemda. Dei merkar også godt at kostnadene aukar, frå utstyr til noko så grunnleggjande som emballasje.

Eit anna mål framover er å få inn fleire folk. Else Mona er 64 år og ser for seg å pensjonere seg om nokre år. Familien veit difor at dei etter kvart må finne nokon som kan ta over delar av arbeidet hennar i sesongen.

Ola Jon har likevel ikkje noko mål om å byggje opp ei stor heilårsverksemd. Når den intense haustsesongen er over, går Skjåk Slakt langt på veg i vinterdvale.

Målet er at verksemda framleis skal vere ei god biinntekt,- og ein arbeidsplass som kan tilpassast livet og helsa til Ola Jon.

Samtidig har det som byrja med ein kniv og ein trong arbeidsplass i garasjen utvikla seg til eit tilbod som blir brukt av jegerar og produsentar langt utanfor Skjåk. Med stadig fleire slakt gjennom dørene er det mykje som tyder på at det framleis blir travle haustar på garden.

Skjåk kommune er stolte av å ha verksemder som Skjåk Slakt, der fagkunnskap, stå-på-vilje og lokal forankring blir omsett til eit viktig tilbod for både jegerar og produsentar i regionen. Historia til Ola Jon viser kva som kan vekse fram når ein finn ei arbeidsform som passar, og tør å satse på det ein er god på. Vi ønskjer Skjåk Slakt lykke til vidare med utviklinga av verksemda.