Skjåk Gartneri – bedriftsportrett

Skjåk Gartneri er eit unikt og viktig tilbod i bygda, – eit grønt samlingspunkt som trekkjer både fastbuande og tilreisande. Med fagkunnskap, godt vertskap og stort engasjement har Anne Grete Skjåk og Jon Sigurd Bøhle utvikla ein møteplass som skapar liv, trivsel og stoltheit i Skjåk.

Skjåk Gartneri – eit viktig og levande tilbod i lokalsamfunnet 
Skjåk Gartneri er meir enn berre ein stad der ein kjøper plantar,- det er eit tilbod som skapar liv og trivsel i bygda, og som vi har god grunn til å vere stolte av. Når ein kjem inn i gartneriet, vert ein møtt av lukta av blomstring, av frodige fargar og eit roleg tempo som gir ei kjensle av å senke skuldrene. Latter sit laust mellom dei tilsette, og det gode humøret smittar raskt over på kundane. Dette er ein stad der fagkunnskap, service og trivsel går hand i hand, og som betyr mykje både for dei som bur her,- og for dei som tek turen til Skjåk. 

 
Folka bak
Bak drifta står Anne Grete Skjåk og Jon Sigurd Bøhle, som tok over gartneriet 1. januar 2009. Nå er dei inne i sin 18. sesong, og driv verksemda sjølvstendig utan tilknyting til noko kjede. Det gir dei høve til å forme både drift og vareutval etter eigne prioriteringar og lokale behov. 

Gartneriet har røter attende til 1960-talet, da Nils Agneberg starta opp. Sidan overtakinga har dagens eigarar vidareutvikla anlegget steg for steg, med nye drivhus og jamlege oppgraderingar. Utviklinga har vore prega av langsiktige val og jamn innsats over tid. 

I perioden 2012–2021 dreiv dei også blomsterbutikken Akantus i Bismo, men valde å avslutte for å prioritere tid og kapasitet. I dag er fokuset retta fullt mot gartneriet, med ei løysing som gir betre balanse i kvardagen. 

To intense månader  
Drifta ved Skjåk Gartneri er tydeleg sesongbasert. Gartneriet held ope frå 1. mai til første helga i juli, medan arbeidet bak kulissane startar allereie i februar. Da går dei i gang med eigenproduksjon, såing av frø og oppstart av plantar som treng lang utviklingstid. 

Totalt produserer gartneriet om lag 30 000–35 000 plantar i løpet av ein sesong. Perioden med sal er kort, men intensiv, og krev god planlegging og effektiv drift. Økonomien i verksemda er tett knytt til desse vekene, da dei i praksis har to månader med inntekter og resten av året med kostnadar. 

Begge eigarane kombinerer drifta med gardsdrift, noko som gir eit viktig grunnlag for å halde verksemda oppe. 

Kunnskap, service og kvalitet 
Skjåk Gartneri har valt ei tydeleg linje i møte med konkurranse frå større butikkar: dei brukar ikkje energi på å måle seg mot andre, men konsentrerer seg om å vere gode på det dei sjølve kan påverke. 

Fokuset ligg på kvalitet i produkta, breidde i utvalet og god fagkunnskap hjå dei tilsette. Det personlege møtet med kundane står sentralt, og mange set pris på å kunne stille spørsmål og få konkrete, faglege svar. 

Denne tilnærminga har vist seg å fungere godt. Kundar kjem att år etter år, gjerne med nye bekjentskap, og det er nettopp denne kombinasjonen av service, kunnskap og kvalitet som gjer at mange vel å handle her. 

Eit trekkplaster for bygda 
Skjåk Gartneri har eit langt større nedslagsfelt enn ein kanskje skulle tru. Mange tek turen frå både Vestlandet og langt nedover dalen for å handle plantar, og når fjellet opnar, kjem det ein fast delegasjon frå Geiranger. 

Også mange turistar finn vegen innom, mellom anna frå Dønfoss Camping, der ein del av kundane kjem att år etter år. Det er heller ikkje uvanleg at dei tek med seg venner og bekjente neste gong dei kjem. 

Slik har gartneriet utvikla seg til å bli meir enn ein handelsstad,- det er eit mål i seg sjølv for mange, og eit tilbod som både tiltrekkjer folk til Skjåk og gir gode opplevingar til dei som kjem. 

Eit godt arbeidsmiljø 
I sesongen sysselset gartneriet opp mot ti tilsette. Det blir lagt stor vekt på at det skal vere ein triveleg arbeidsplass, med godt samarbeid og rom for både humor og godt humør i kvardagen. 

Dei opplever ikkje at arbeidet treng å vere verken tungt eller for alvorleg, og denne haldninga pregar miljøet. Det er lett å merke at dei tilsette trivst, og det smittar over både på kollegaer og kundar. 

Sjølv om det ikkje alltid er enkelt å få tak i folk med rett interesse og kunnskap, har gartneriet vore heldige. Fleire kjem att sesong etter sesong, noko som gir både kontinuitet og eit godt fagleg og sosialt miljø. 

Klima, utvikling og nye moglegheiter 
Å drive gartneri i Skjåk inneber å tilpasse seg eit klima som set tydelege rammer for drifta. Samtidig peikar eigarane på at utviklinga går i positiv retning. 

Dei ser at fleire plantar enn tidlegare klarer seg godt i området, mellom anna frukttre som før kunne vere vanskelege å få til. Dette heng saman både med klimaendringar og betre foredling av plantemateriale. 

Samtidig er det viktig å ta omsyn til lokale forhold. Det er store forskjellar i klima innan kommunen, og det som fungerer ein stad, fungerer ikkje nødvendigvis ein annan. Difor er rettleiing og kunnskap ein viktig del av det dei tilbyr kundane. 

Byggjer for framtida 
Skjåk Gartneri har ikkje mål om stor utviding, men arbeider jamt med å ta vare på og utvikle det dei allereie har. 

I 2023 gjennomførte dei ei større investering da platene på hovuddrivhuset vart skifta, og også dei andre bygga har vorte oppgraderte. Dette er tiltak som skal sikre gode og trygge rammer for drifta, også i møte med vêr og vind. 

Eigarane opplever situasjonen som stabil, og ser positivt på framtida. Målet er å halde fram på same måte som i dag, med fokus på kvalitet, driftssikkerheit og eit godt tilbod til kundane.