Juving

 

Juving

Juving er eitt av mange eventyr Skjåk har å by på. Her er du i eitt med naturelementa. Nede i dei trange juva får du leike deg i formasjonar som vatnet har skapt gjennom tusenvis av år.

Gjennom tusenar av år har vatn og is, skore og sprengt seg gjennom berget og skapt det eventyrlege juvet Aura. Skjerma mot vær og vind, og med vassføring heile året gjev juvet gode vilkår for eit rikt planteliv. Elva Aura har sidan 1919 vore regulert, og frå 1965 vore «tørrlagt». Som fylgje av dette er det jevnt over låg vassføring, noko som gjer det mogleg for dei aller fleste å vandre i juvet.


Juventyr

Juventyr er eigd og drive av skjåkvêren Øystein Brandsar. Han har over 10 års erfaring med juving, og er i tillegg IRIA-sertifisert elveredder. Juventyr har spesialisert seg på juving i Aura.

Skjåk Adventure

Skjåk Adventure er ei familieeigd bedrift som driv med rafting, juving og andre vassaktivitetar. Dei har basa si på Ofossen Mølle, som er eit kulturhistorisk bygg frå 1885. Det er fortsatt drift på mølla, som produserer «Skjåkmjølet» og «Byggryn frå Skjåk». Dette er eit flott utgangspunkt for både rafting, padling, hydrospeed og ducky, med sjølvaste Ofossen som næraste nabo.