«Det var her eg skulle vera»

Inger Einvik kjente med ein gong ho kom inn på Grotli palmehelga 2019 at det var det var her ho skulle vera.

Navn: Inger Einvik
Alder: 54
Heimplass: Opprinneleg frå Flatanger kommune
Yrke: Dagleg leiar på Grotli Høyfjellshotell

Favorittplass i Skjåk: Langvasseggen

Kvifor valde du å ta jobben som dagleg leiar på Grotli Høyfjellshotell?
-Det er så mange svar på det.. Eg kom i ei fase i livet der eg var klar for endring. Eg hadde fast jobb som rådgjevar i Innovasjon Norge, borna var vaksne og eg var skilt. Det var er lomme i livet der eg hadde moglegheit til å gjere noko heilt anna. Heilt tilfeldig var eg på Grotli på ferie i påska 2019 med borna mine. Dei hadde over lengre tid søkt etter vertskap på Grotli. Da eg kom inn her palmehelga var det heilt fantastisk å komme hit. Det var som om alt falt på plass. Den dagen eg reiste heim frå påskeferie hadde eg bestemt meg for å starte her. Eg har aldri gått med ein draum om å arbeide på høgfjellshotell, så det var heilt tilfeldig. I løpet av kort tid hadde vi skrive kontrakt. Sommaren 2019 var eg er å prøvejobba, og fann fort ut at det var her eg ville vera. Da sa eg opp jobben min, tok med meg livet mitt, og vart Skjåkver.

Korleis opplevde du å komme hit?
Da eg kom til Grotli var det som om alt falt på plass. «Det er her eg skal vera», følte eg. Eg er så utruleg glad for å vera ein del av grotlifolket. Vi er jo eit team her oppe. Eg føler meg som verdas heldigaste som får lov til å arbeide i slike omgjevnadar og å få lov til å ha Grotli Høyfjellshotell som arbreidsplass. Utanom arbeid kjenner eg ikkje så mange enda. Dei eg har vorte kjent med er dei eg har ein relasjon til gjennom arbeid. Det er så mykje eg har lyst til å vera med på, men på grunn av at eg arbeider svært mykje og at koronaen kom, har det vore vanskeleg.

Kva er det beste med jobben din?
Det beste er at eg får lov til å møte folk, vera vertinne og å yte service. Så er det jo såklart fjella og naturen vi har rundt oss her. Eg er svært glad i å ha ansvar og det er utruleg spennande å vera med å utvikle Grotli vidare.

Kva fyller du fritida med?
Da er eg mykje i fjellet. Eg elskar å vera i fjellet om sommaren. Ved fyrste anledning er eg på ein sti med hunden min Leo. Ellers strikkar eg, les eller ser litt på tv når det passar meg.

Kva likar du best med Skjåk?
Det må jo såklart verr at Grotli ligg i Skjåk. Så må det vera klimaet, at det er så turt her. Så har eg merka meg at skjåkverane er svært rause og har ei fantastisk fin dialekt.

Kva har overraska deg mest med Skjåk?
Noko av det som har overraska meg er kor mykje Grotli betyr for Skjåkfolket. Dei fleste skjåkverar har ein relasjon til Grotli på ein eller annan måte. Enten har dei jobba her, ellers så kjenner dei nokon som har jobba her. Ein annan ting som eg ikkje var klar over da eg flytte hit var potensialet innan utvikling av reiselivet i Skjåk. Det er uttallige moglegheiter her. Både for Skjåk i seg sjølv, men også i samarbeid med nabokommunane. Idrettsanlegget i Skjåk har også overrraska meg svært positivt. Det er så utbygd og det er så mange moglegheitar knytt til det.

Kva er det med Skjåk som fleire burde vite om, som mange kanskje ikkje veit?
Det er mange som ikkje veit at vi har fleire nasjonalparkar. Av dei eg kjenner er det ikkje mange som veit at det ligg midt i smørauga for fantastiske fjell med norges finaste fjordar tett på.  

Inger´s topp tre favorittar i Skjåk:

1. Utsikta frå Skridulaupen om sommaren

2. Alle fiskevatna

3. Nærleiken til Vestlandet