Hopp til hovedinnhold
Laster Arrangementer

Alle Arrangementer

Kategorier for Arrangement ,
  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Skjåk IL – bytte/selge/gje bort utstyr

Dato:
april 28
Tid
10:00 - 12:00
Arrangør Skjåk IL

Veke 17 står i gjenbrukets og bærekraftens tegn i Skjåk!

(Torsdag er det byttedag med barneklede og barnesko på biblioteket, sjå eige arrangementinfo.

Laurdag er det byttedag med klede på Frivilligsentralen, arrangert av Husflidslaget, sjå eige arrangementinfo)

Søndag 28.april avsluttar vi veka med ein utstyrsdag! Har du ski du ikkje brukar lenger? Beskyttelsesutstyr til rulleskøyter som ikkje er i bruk? Treng du nytt skateboard? Har fjellskoene vorte for små? Treng sykkelen ny eigar? Skulle du hatt ny flytevest? Bli med på vår bytte/selge/gi bort dag der både sommar og vinterutstyr kan få nytt liv og komme til nytte i staden for å ligge å støve ned.

Alle som blir med får sin eigen stand der du sjølv står og selger/bytter/gir bort utstyr. Du bestemmer sjølv pris eller om du vil bytte/gi bort.
Når tida er over tek du med deg det du evnt. har att heim att. Det kostar ingenting å ha sin eigen stand.
Om du ikkje har utstyr til overs sjølv, men det er noko du skulle hatt, er det berre å komme og sjå på utvalget. Kanskje finn du akkurat det du treng. 🙂
Arrangementet er på kantina på skulen. Skulle det bli så mange som ynskjer å komme med utstyr at vi ikkje har plass der, så flytt vi oss til hallen.

Vi treng derfor å vite kor mange som vil komme med utstyr, vil du ha din eigen stand så send ein enkel mail til dl@skjakil.no
Det blir enkelt kiosksalg på arrangementet.