«Ein gong eg skifta ei ljospære hjå ei gamal dame, vart eg bedd inn på rummgraut»

Da Simen Toven fekk tilbod om å flytte til Skjåk, vart valet lett.

Navn: Simen Toven
Alder: 28
Heimplass: Løten, men nå Skjåkver
Yrke: Elektriker

Favorittplass i Skjåk:
Sota, Skarvedalen, Billingen, Juvtjønn, Vuludalen, Lundadalen, Krosshø. Det er umogleg å velje berre ein!!

Kvifor valde du å flytte til Skjåk?
– Eg og sambuaren min valde å flytte hit fordi vi ville bort frå Hamar. Sambuaren min er utdanna doktor, og søkte seg til doktorkontoret som turnuslege. Vi hadde tidlegare høyrt mykje bra om Skjåk frå fleire tidlegare turnuslegar, og visste frå før at det var veldig fint her. Med ein gong eg høyrte at Skjåk var eit alternativ, så vart valet lett.

Korleis opplevde du å komme hit?
– Det har vore kjempe triveleg å koma hit! Vi har begge hatt utruleg trivelege kollegaer, noko som gjorde at vi raskt følte oss inkludert. Bygdafolket har vore veldig nysgjerrige på kven vi er, og stoppar ofte for å slå av ein prat. Eg opplever at bygdafolket er svært glade for at det har kome nye folk til bygda. Det mange som lurar på kvifor vi har kome hit, og nesten alle spør kor lenge vi blir…

Kva er det beste med å bu i Skjåk?
– Eg må jo si naturen og omgjevnadane som finst i Skjåk. Her slepp vi unna trafikk, mykje folk, og vi slepp å stå i kø i rushtrafikken. Eg er også jeger, så eg kan jo ikkje legge skjul på at det er eit stort pluss å vera innabygds når det gjeld særleg reinsjakt. Så er det eit heilt anna tempo her enn det er i byen. Eg føler at vi har mykje betre tid her, og det er lov å ta seg ei kaffepause å prate med folk ein møter. Det er fantastisk å sleppe bymaset!

Kva er det beste med jobben din?
– Det beste med å jobbe som elektrikar her er at arbeidet er så variert. Folk har også god tid, og dei set pris på at du kjem. Ein gong eg skifta ei ljospære hjå ei gamal dame, vart eg bedd inn på rummgraut. Det var stas!

Kva fyller du fritida di med?
– Akkurat nå går det mykje i bleieskift, da vi har ei dotter på 4 månadar. Elles så prøvar vi å nytte oss av friluftsmoglegheitene så ofte vi kan. Vi er svært glad i å vera på tur, og det å kunne vera på snaufjellet 30 minutt etter at vi er ferdige på jobb er fint. Vi køyrer oss ofte ein tur til fjells etter arbeid å lagar middag ute å kikar etter rein og rupe.

Kva er det med Skjåk som fleire burde vite om, men som mange kanskje ikkje veit?
– Mange kjenner til Lom, men mange veit kanskje ikkje at Skjåk også har fantastiske områder for både toppturer, fjellskiturar, sykkelstigar og fiskemoglegheiter. Einaste forskjellen er at her får du fjellet og nedkøyringane heilt for deg sjølv!! På ein måte er det kanskje dumt å fortelja om, men samtidig så vil vi jo ha liv i bygda! Ein annan ting fleire burde vete om, er at Skjåk kan by på fantasktiske lokalproduserte matopplevingar som absolutt er verdt å sjekke ut!

Beskriv di optimale Skjåk-helg!
– Det må bli å reise til fjells å ligge i telt saman med «flokken». Anten om våren på vårskitur, eller på hausten for å fiske.

Simen´s topp tre favorittar i Skjåk:

1. På ski gjennom bjørkeskogen fra Sotflye
2. På oppdagelsesferd etter fjellaure i storslått natur
3. Den fremtidige hytta på Billingen!