Ventar på å byrje draumelivet

Det nygifte paret Elin og Marie hadde i lengre tid stunda på eit rolegare liv med meir tid til det som verkeleg betyr noko. Fjella, elva og folket i Skjåk lokka, men no står draumelivet dei fekk smaken av litt på vent. 



Kanskje du har helsa på Elin og Marie?

Allereie før paret flytte inn i Bellingsdalsvegen, var dei på god veg til å bli ein del av bygda. Elin hadde byrja som dagleg leiar i idrettslaget, medan Marie var godt i gang med å bli kjent med både folk og det bygda har å tilby. Jobbmessig var planen at Marie skulle fortsetje i jobben som radiolog på Sjukehuset i Innlandet, men primært jobbe frå Skjåk.

https://www.instagram.com/elin-og-marie

I bygda ynskjer dei å vera ein del av felleskapet, og verdset moglegheita ein får til å bidra og gjere ein skilnad.

Elin er oppvaksen i Skjåk, men flytte frå bygda i ung alder. Likevel fortel ho at Skjåk alltid har vore heime. «Både folket og naturen gjer at skuldrene dett ned» seier Elin. Marie trekk også fram dei fine verdiane blant folket i Skjåk.

“Men det kan fort ta litt ekstra tid på butikken!” ler dei. Det er fort gjort at ein blir ståande og prate med folk, og det er så triveleg!

Hadde håpa på meir tid til å nyte naturen og tilboda i bygda

Baktanken med å flytte til Skjåk var å kunne få mykje meir tid til naturen og vera aktive i det breie aktivitetstilbodet i bygda. Det har vore mange dagar på ski, dei har ein plan om å få gått alle Fjellgeitturane, Marie har eit ynskje om å melde seg på turn og saman skulle dei tilbringe mykje meir tid i naturen. Dei er skjønt einige om at det er gullplassar overalt i bygda, både til fjells og langs den vakre Otta- elva.

Sjekk ut aktivitetskalenderen og fritidstilbodet vårt her.

“Eigentleg burde ein ikkje jobbe 100% stilling her, da det er så mykje å finne på” tullar Elin.

Paret er glade i både padling, ski, sykling og telting, men no går mesteparten av tida deira med til å jobbe. 

Dessverre har det oppstått ei uforutsett utfordring for paret – Marie har enno ikkje fått overført arbeidsplassen sin til det ferdigstilte kontoret i Skjåk, og difor er ho fortsatt på Lillehammer det meste av tida.

Dette har lagt ein dempar på framtidsplanane deira, og begge lengtar etter å få Marie heim til Skjåk, slik at dei kan byrje livet dei flytte til bygda for.

Jamvel har dei ikkje gjeve opp håpet enno. Dei satsar på at ein kan finne ei løysing på problemet, slik at dei kan bli verande i bygda og ha eit roleg og aktivt liv, med fine folk rundt seg – akkurat slik dei drøymde om.