Velkomen til Skjåk sin heilt nye barnehage!

Det var ein gong – og snart på ordentleg – ein ny heilt barnehage i Skjåk.
Denne sida er for deg som er nysgjerrig på å jobbe hjå oss. Her vil du finne informasjon om stillingane, arbeidsplassen og kva det vil seie å bu og leve i Skjåk.
Vi håper du finn det du lurer på. Om ikkje, er du varmt velkomen til å ta kontakt

Ledige stillingar

Barnehagen i Skjåk veks fram mellom fjell og skog, forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir lys, natur og leik vove saman i omgjevnader som gjev ro, undring og livsglede. Dørene står opne – ikkje berre for barna, men for familiane rundt dei, og for fagfolk som vil skape noko godt i lag.

Styrar i barnehagen

Nå ventar barnehagen på ein styrar som vil vere med frå fyrste kapittel. Ein som ser moglegheiter og samanhengar i rom og relasjonar, inkluderande fellesskap og samarbeid med familiar og kollegaer, i leiing og kvardagsmagi. Her får du byggje kultur, retning og praksis frå grunnen av – i tett samspel med engasjerte kollegaer og eit lokalsamfunn som bryr seg.

Er det du som skal skrive vidare på denne forteljinga – midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender

Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.

· vere ein del av eit leiarteam med ein samarbeidande styrar for Dønfoss naturbarnehage

· ha dagleg leiar / koordinator og merkantil ressurs i eigen barnehage

· vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe, samt utvida leiargruppe i kommunen

Som styrar har du det overordna ansvaret for å

· sikre eit trygt og inkluderande barnehagemiljø som fremmar trivsel, leik og læring

· utvikle forpliktande og tillitsfulle samarbeid med føresette

· inspirere, motivere og gje retning til dei tilsette gjennom utviklingsarbeid der ein inkluderande personal- og læringskultur blir bygd frå oppstart

· sikre at det nye fysiske miljøet vert brukt aktivt som pedagogisk ressurs som fremmar inkludering

· vere ein pådrivar for samarbeidet i laget rundt barnet i tråd med førebyggande plan for oppvekst i Skjåk kommune

· utføre administrativ drift og utvikling av barnehagen gjennom økonomistyring, personalansvar og pedagogisk fagleg leiing

· godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning

· vidareutdanning eller erfaring innan leiing er ynskjeleg og vil bli vektlagt

· solid kjennskap til barnehagelova og rammeplanen

· erfaring frå, og evne til å arbeide systematisk med utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring

· god økonomiforståing

· god systemforståing kring tverrfagleg samarbeid og -samhandling

· gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg – kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

· er ein tydeleg og fagleg sterk leiar som ser samanhengen mellom det fysiske miljøet, det psykososiale miljøet og barna sin leik, læring og utvikling

· er trygg i leiarrolla og tydeleg i forventningar og retning

· har god relasjonskompetanse og skaper tillit hjå barn, føresette, tilsette, kollegaer og eksterne aktørar

· samlar medarbeidarar om felles mål og retning

· er utviklingsorientert og har gjennomføringsevne

· taklar krevjande situasjonar og uføreseielege hendingar med ro og struktur

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kommunalsjef Kari Anne Skjaak, tlf. 976 18 847

Søknadsfrist: 6.4.2026

Elektronisk søknadsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss? Les meir om den nye barnehagen og korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk – Skjåk Kommune

Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

https://www.skjak.no/Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk – tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Fagarbeidar i barnehagen

Nå ventar barnehagen på fagarbeidarar som vil vere med og skape kvardagar prega av tryggleik, leik og fagleg medvit. Fagarbeidarar som ser verdien av gode relasjonar, inkluderande fellesskap og samarbeid med familiar og kollegaer. Her får du vere med frå starten – og setje spor i både praksis og kultur.

Er det du som skal bli ein viktig fagarbeidar i barna sine forteljingar – midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender

Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.

Skjåk treng fagarbeidarar til den nye barnehagen, både i faste stillingar og vikariat. Det er særleg bruk for fagarbeidarar med spesialpedagogisk kompetanse.

· gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen

· fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar

· bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar

· leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding

· støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse

· bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle

· ha open og god dialog med føresette

· har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar – anna relevant erfaring eller utdanning, også høgskuleutdanning, kan vere aktuelt

· har utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk

· har erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov

· er trygg i å sjå kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig

· er engasjert i barnehageyrket og har interesse for fagleg utvikling

· trivst ute og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr

· arbeider målretta både sjølvstendig og i team, samt har gode evner til samarbeid og kommunikasjon innanfor faget

· og har gode norskkunnskapar

· har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med styrar Heidi Jevnheim – tlf. 901 93 957 eller dagleg leiar Karin Fjerdingren – tlf. 980 64 714

Søknadsfrist: 12.04.2026

Elektronisk søknadsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss? Les meir om den nye barnehagen og korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk – Skjåk Kommune

Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk – tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Pedagog i barnehagen

Nå ventar barnehagen på fleire pedagogar som vil vere med og skape kvardagar prega av tryggleik, leik og fagleg medvit. Pedagogar som ser verdien av gode relasjonar, inkluderande fellesskap og samarbeid med familiar og kollegaer. Her får du vere med frå starten – og setje spor i både praksis og kultur.

Er det du som skal bli ein viktig pedagog i barna sine forteljingar – midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender

Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.

Vi har også ein toavdelings naturbarnehage – Dønfoss naturbarnehage – som ligg i munningen av Breheimen, med eit variert utemiljø der naturen er den viktigaste læringsarenaen.

Skjåk treng pedagogar til både den nye barnehagen og Dønfoss naturbarnehage, både pedagogiske leiarar og barnehagelærarar i faste stillingar og vikariat.

· arbeide målretta for eit inkluderande fellesskap der mangfald er ein ressurs

· leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga

· rettleie og støtte medarbeidarar i det pedagogiske og metodiske arbeidet

· planleggje, gjennomføre og vurdere det pedagogiske tilbodet i tråd med lovverk og rammeplan

· utarbeide og følgje opp årsplan i samarbeid med styrar og kollegaer

· leggje til rette for eit ope og tillitsfullt samarbeid med føresette

· dele fagkunnskap om barn si utvikling og læring, og bidra til kompetanseutvikling i personalgruppa

· halde deg fagleg oppdatert

· har godkjend barnehagelærarutdanning (anna relevant godkjend utdanning kan vurderast)

· har erfaring som pedagogisk leiar, og kan vise til gode resultat innanfor pedagogisk leiing

· har eit sterkt engasjement for barnehagefaget og barn si utvikling

· trivst ute, samt planlegg og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr

· er ein trygg, tydeleg og relasjonssterk pedagog

· arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team

· er raus, fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, føresette og kollegaer

· har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

· har grunnleggjande digital kompetanse

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med styrar Heidi Jevnheim – tlf. 901 93 957 eller dagleg leiar Karin Fjerdingren – tlf. 980 64 714

Søknadsfrist: 12.04. 2026

Elektronisk søknadsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss? Les meir om den nye barnehagen og korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk – Skjåk Kommune

Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk – tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Å vekse opp i Skjåk

I Skjåk satsar vi heilskapleg og langsiktig på barn og unge, med naturen som aktiv læringsarena og ein sterk kultur for inkludering og fellesskap. Her ligg barnehage, helsestasjon, 1–10-skule, kulturskule, idrettshall, symjebasseng og bibliotek samla i ei tett klynge som gjev unike moglegheiter for samarbeid og samanheng i oppveksten. Slik sikrar vi at alle barn og unge opplever tryggleik, meistring og støtte.

Din potensielt nye arbeidsplass

Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.

Den nye barnehagen og helsestasjonen er planlagd som ein inkluderande møteplass for barn, familiar og fagmiljø, der alle skal oppleve å høyre til. Utforming og organisering byggjer på prinsipp om:

  • Trygge og helsefremjande omgjevnader
  • Inkluderande fellesskap, der mangfald er ein ressurs
  • Sterk kopling mellom natur, kultur og stadstilhøyrsle i Skjåk
  • Låg terskel for samarbeid mellom barnehage, helsestasjon og andre kommunale tenester

Barnehagen vil legge vekt på leik, læring og opplevingar i nær kontakt med naturen. Uteområdet til barnehagen er fyrst og fremst ein naturleikeplass, men gjev også rom for utfalding i akebakke, på sykkelbane, skeisebane om vinteren, gapahuk, grillhytte, kjøkenhage og mykje anna. Barnehagen samarbeider tett med sjukeheimen, og tek gjerne både planlagte og spontane turar dit for å vere saman med bebuarane.

Dønfoss naturbarnehage ligg idyllisk til i skogen 10 km vest for Bismo, med eit variert og utfordrande utemiljø som gjer naturen til den viktigaste læringsarenaen. Her får borna oppleve meistring og undring gjennom jakt, fiske, innhausting, matlaging frå botnen av, baking i bakstrom og aktivitetar i snekkerbod, lavvo og nærmiljøet rundt Ottaelva. Barnehagen arbeider aktivt for å skape eit miljø som rommar mangfald der barna opplever å høyre til i eit fellesskap uansett behov og føresetnader. Ut frå denne tankegangen arbeider Dønfoss systematisk med både psykisk og fysisk helse, og legg stor vekt på trygge relasjonar, tilknyting og stimulerande leik – ute heile året.

Vil du veta meir om livet i Skjåk?

Tilflyttarside: Forside – Skjåk Kommune Skjåk Kommune

Kommunen si nettside: Skjåk kommune

Instagram – om å leve, bu og arbeide i Skjåk: @skjaknaturlegvis

Facebook – om å leve, bu og arbeide i Skjåk: Skjåk – naturlegvis

Instagram – informativ: @skjak.kommune

Facebook – informativ: Skjåk kommune

Vår tilflyttarkonsulent

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk. Tlf. 99427902.

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?

Anna nyttig informasjon