Småbarnsfamilien forelska seg i fjellandskapet

Sondre var på reinsjakt i Skjåk for fyrste gong i 2023, året etter skal han jakte som fastbuande skjåkver. 

Hels på Sondre, Sofie og ungane deira!

Sondre og Sofie frå Stjørdal hadde lenge lufta tanken om å flytte til ein ny stad – eit val som ikkje alltid er like lett når ein skal ha med to ungar i flyttelasset. Paret var lenge inne på tanken om å byggje seg eit liv i Lofoten, men så forelska dei seg i fjellandskapet i Skjåk. 

“Det er heilt magisk her, samstundes ligg det midt i smørauget med kort avstand til Vestlandet og Geiranger”

fortel Sofie om Skjåk.

På visning og jobbintervju i februar, stoppa dei også innom naturbarnehagen på Dønfoss. “Den er heilt ypparleg for barna våre som elskar å leike ute” seier paret med store auge. Det er tydeleg at naturen i Skjåk har sjarmert den friluftsglade familien.

I Dønfoss Naturbarnehage lærer barna om naturen gjennom leik. Her kan dei kose seg med kyllingar og kaninar i uteområdet, vera med på jakt og bake flatbrød og lefse. Du kan lese meir om tilbodet her.

Gira på jaktmoglegheitane

Både Sondre og Sofie er ivrige jegarar. Etter at Sondre fekk tilbod om fast stilling som snikkar i SEBB og flyttinga vart bestemt, var dei svært spente på årets jaktsesong. Det var nemleg etter fjorårets jakt i Skjåk at paret fekk auga opp for den vesle fjellbygda i Ottadalen. No har dei fått løyve til reinsjakt og gler seg på å kunne nyte stuttreist kjøtt til hausten. 

Les meir om jaktmoglegheitane i Skjåk her.

«Vi håpar også på å få innpass på eit elgjaktlag” seier dei. 

Leita Etter Bustad

Paret var også på jakt etter ein stad å bu i Skjåk før dei vart tipsa om prøvebustadane i Bellingsdalsvegen. «Tilbodet passa oss veldig godt. Vi hadde i grunn planar om å kjøpe, men fant raskt ut at det var vanskeleg å finne noko på marknaden,» seier Sondre. «Prøvebu-konseptet var midt i blinken for oss,» legg Sofie til med eit smil.

No ser småbarnsfamilien fram til livet i Skjåk – naturlegvis.