Prøvebu i Skjåk?
Tett på sentrum. Midt i naturen.
Og med den beste utsikten i bygda.
Velkomen inn i det som kan bli den nye heimen din!
Velkomen heim
Drøymer du om eit liv på bygda med meir tid og meir plass, og ein kvardag der du kan gjera ting som du vanlegvis berre gjer i ferien? I Skjåk kan du prøvebu bygdelivet trygt og rimeleg i splitter ny bolig før du bestemmer deg for om du skal bli verande eller ikkje. Og når du endeleg bestemmer deg for å bli skjåkvêr på heiltid, får du moglegheit til å kjøpe den same boligen til ein gunstig pris – eller få hjelp til å finne ei luggum tomt eller ein annan bolig som kan bli den heimen din.
Dette gjer vi fordi vi veit at det å flytte er eit stort steg å ta i livet. Det er ikkje berre lett å hoppe i det og bygge seg eit hus utan at ein kjenner staden og menneska. I Skjåk ynskjer vi å gjere terskelen lågare. Og det gjer vi blant anna med ”Prøvebu i Skjåk”. Eit tilbod som gjev deg moglegheit til å realisere draumen trygt, enkelt og rimeleg ved å prøve korleis det er å bu og leve i bygda vår.


Om prøvebustadane
I Skjåk byr vi på både hjarterom og husrom. Difor har vi teke både byggjekostnader og verditap for deg, og bygd flunkande nye og moderne tomannsboliger som står klare for deg som ynskjer å prøvebu det gode kvardagslivet i Skjåk.
Boligane kan du leige rimeleg i inntil tre år. Etter leigeperioda kan du sjølv bestemme om du vil kjøpe den same boligen til ein svært rimeleg pris, eller finne deg ein annan luggum plass å bu i bygda.
Boligane er bygd i 2023/2024, og har det meste som du treng for å koma godt i gang med det nye livet i Skjåk: godt med plass over to etasjer, kvitevarer, gangavstand til butikkar, nybygd skule, barnehage, kaféar, treningssenter og andre fritidstilbod. Og ikkje minst: utruleg fin utsikt mot inngangsporten til Breheimen.
Og viktigast av alt: du må ha eit ynskje um å bu og arbeide i Skjåk.
Målet med ordninga er å bidra til å sikre alle dei fine bedriftene i Skjåk tilgang til nok arbeidskraft, noko som i sin tur gjer livet på den nye heimplassen din betre for oss alle.
Velkomen heim!
Korleis søke om å prøvebu
Dersom du ynskjer å prøvebu i Skjåk, må du sende inn ein søknad. Dette kan du gjera på e-post til Heidrun.
Eposten må innehalde:
- Beskriv kven du/dykk er
- Beskriv jobbsituasjon din/dykkar
- Fortel om motivasjonen for at du/dykk skal prøvebu i Skjåk
For å ha moglegheit til å prøvebu i Skjåk må du anten ha tilbod om jobbvikariat på minst 1 år, ha tilbod om fast stilling, eller vera sjølvstendig næringsdrivande.
Prøvebu ei helg gratis
Frå januar – april tilbyr vi gratis prøvebu-opphald! Vi visar deg gjerne rundt i bygda, og hjelp deg å bli kjend. Dersom dette kan vera noko for deg – send ein e-post til Heidrun
- Beskriv kven du/dykk er
- Fortel om motivasjon for at du/dykk ynskjer å prøvebu ei helg i Skjåk
Kontaktinformasjon:
Epost: heidrun.israelsen@skjaak.kommmune.no
Telefon: +47 99 42 79 02
