Klar for eit nytt kapittel
Etter mange år utanfor heimbygda, har skjåkveren Per kome attende, og ser fram til å byrje på eit nytt kapittel i livet sitt.
Du kjenner kanskje att Per?

Per hadde sine barne- og ungdomsår i Skjåk, men etter vidaregåande i Lom, bestemte han seg for å utforske verda utanfor.
Han fekk erfaring som kommunikasjonsrådgjevar i Senterpartiet, og i tillegg til å både studere og arbeide i byar som Porsgrunn, Oslo og København, førte reisa han til slutt til Bergen.
Der vart han medeigar i eit reklamebyrå, der han arbeidde i nesten 20 år.
«Reklamebransjen er eit konstant jag med press frå alle kantar, så eg kjenner meg ferdig med det» seier Per, som no ser etter meir balanse i livet og ønskjer eit tydelegare skilje mellom jobb og fritid.
Ei gylden moglegheit
Det var då han kom over utlysinga om dei nye prøvebustadene i Skjåk at han tok avgjerda.
«Tilbodet var ei gylden moglegheit for meg! Det gjekk raskt frå eg såg utlysinga til eg søkte, og fekk det innvilga» fortel Per.
Å vende heim til Skjåk har vore ei stor glede for Per. Han har alltid hatt ein tanke i bakhovudet om å flytte attende, og no har han endeleg gjort det.
«Det er kjekt å møte folk ein ikkje har sett på 30 år. Sjølv om mykje har forandra seg, kan ein likevel kjenne att personlegdomen til dei fleste» seier han med eit smil.
Heimekontor med utsikt
Per har innreia eit heimekontor i leilegheita si, der han har utsikt mot Lendbreen, Juva og Teigomsgrenda. «Fantastisk utsikt» seier han.
No håpar han å kunne vidareføre verksemda si her og rette fokuset meir mot det lokale næringslivet i Ottadalen med tenestene han tilbyr: «Eg håpar å behalde kundane mine samtidig som eg får moglegheita til å jobbe tettare med lokale bedrifter.
Nærleiken til familie og natur
Ein av dei viktigaste grunnane til at Per valde å flytte tilbake, var nærleiken til familien. Systera og hennar familie bur rett i nærleiken, og foreldra hans held til på Skjåkheimen nedanfor. «Det er godt å vere nærare dei og kunne tilbringe meir tid saman,» seier han.
Per gler seg også til å bruke meir tid på hytta ved Liavatnet, som før låg for langt unna då han budde i Bergen. Han set pris på å lage mat og nyte den vakre naturen som omgjev Skjåk.
Fekk ei varm velkomst
Per har blitt positivt overraska over kor sosiale skjåkverane faktisk er. «Det tek tid å handle på butikken fordi ein stadig møter kjente,» smiler han.
Han legg til at folk er svært glade for at han har kome heim, og han kjenner seg varmt motteken av alle.
Slik har overgangen til det nye livet i Skjåk blitt både lettare og meir triveleg enn han kunne ha førestilt seg.