Fiske

Fiskeeldorado i Skjåk

I Skjåk kan du på eitt og same kort fiske på 200 fjellvatn og 250 km med fiskeførande elv.

Eventyrleg fiske i Skjåk

I dei store fjellområda finst det mange små og store perler for den som er glad i å fiske aure.

Du kan velje mellom stutt- eller langreiste fisketurar Skjåk byr på heile 200 fiskevatn og 250 km med fiskeførande elver.

Finn ditt fjellfiskevatn mellom høge fjelltoppar eller endelause fjellvidder. Eller prøv lykka frå ein av mange fiskeplassar som er lett tilgjengeleg frå både riksveg og sykkelsti. I Skjåk finst det tilbod for alle – uansett kor lange eller stutte turar du vil gå på jakta etter fiskelukka.

Og du – vi har store områder som garantert er køfritt. Her slepp du å kjempe om dei beste fiskeplassane.

Når dagsens kav og møde synet blindar, når augo trøytnar og kan lite sjå
og gjenom hugen går dei myrke vindar
som bleikjer blad og blom og knekkjer strå,


ris fjellheimen med sine tindar lyfte mot himmelblå. Innover – innover, vide ligg viddene der vi kan gå.

Jan-magnus bruheim
Foto: Edvard Mølmen