Diskgolf

Visste du at vi har ei flott diskgolfbane i Skjåk? Diskgolfbana på Moar består av 4 korger og 18 utkast. Bana er under utbygging, og vil etterkvart bli ei full bane med 18 korger og 18 utkast.

Diskgolf er ein lågterskel akivitet som passar for dei fleste. Ein får frisk luft, trim og som regel ein god latter i løpet av ei runde. Banekart med reglar på baksida finn du i postkassane på begge banene.

Diskgolfbana på Moar består av 4 korger og 18 utkast. Bana er nå under utbygging, og vil vera ferdige våren 2021. Da vil det vera ei full bane med 18 korger og 18 utkastfelt.

Bana blir drive av Flåklypa Sendeplåtelag som også driv ei bane i Medalen i Lom. Det kostar 50 kronar å vera medlem, men det er ikkje påkrevd for å bruke banene. Banene er gratis å nytte seg av, og er alltid opne for alle.
Skulle du ha lyst på kurs, er det berre å ta kontakt med klubben.

Foto: Bodil Daae