Bading

Kva er vel betre enn eit bad i irrgrønt brevatn? I Skjåk er det uendeleg mange fine badeplassar, enten du ynskjer å bade i eit fjellvatn heilt for deg sjølv, i vakre Ottaelva, eller i jettegrytene i bassenget på Dønfoss Camping.

Dønfoss Camping

Kva med å ta eit bad på idylliske Dønfoss Camping? Her ligg bassenget heilt inntil stryket i Dønfossen!


Bångråttjønne

Bångråttjønne er eit nydeleg aktivitets- og friluftområde. Plassen er open for alle, om det er bygdafolk, tilreisande eller folk på gjennomreise som ynskjer ein rast eller eit bad.


Bading i Grøntjønne
Foto: Merete Åboen