Bøstugu – bedriftsportrett
Midt i Bismo ligg Bøstugu og Galleri Mathilde, ein heilt spesiell kombinasjon av nisjebutikk og galleri. Her finn ein garn og strikkeutstyr, interiør, tekstilar, gåver, kunst og lokalt kunsthandverk i særeigne omgjevnader som skil seg ut frå det meste anna. Samstundes er Galleri Mathilde ein viktig møteplass for kunst og kultur i bygda, med den årlege Skjåkutstillinga som eit naturleg høgdepunkt.

Bak verksemda står Mathilde Skamsar. Gjennom snart førti år har ho utvikla Bøstugu til langt meir enn ein butikk. Ho har skapt ein møteplass der handel, kunst, historie og kultur går hand i hand, og der både lokale og tilreisande finn inspirasjon, opplevingar og kvalitet.
Ei livsreise prega av kultur og skaparglede
Bak Bøstugu står ei fargerik, engasjert, kunnskapsrik og kreativ dame med eit brennande engasjement for kunst, kultur og lokalhistorie. Mathilde voks opp i eit miljø der skaparglede var ein naturleg del av kvardagen.
Far hennar, Mathias Skamsar, var treskjærar og kunsthandverkar. Frå verkstaden sin skapte han alt frå golvur og framskåp til brukskunst og treskurd. Mora var òg kunstnarisk anlagt og måla mykje. Det var med andre ord ikkje tilfeldig at interessa for kunst og kultur vart vekkt tidleg hjå Mathilde.
Etter kunstlinje på Lillehammer og studiar innan reiseliv og samfunnsgeografi flytta ho heim att til Skjåk på 1980-talet. Med seg hadde ho både fagkunnskap, idear og ein draum om å skape noko eige. I 1987 tok ho over drifta av Bøstugu og byrja utviklinga av verksemda slik vi kjenner den i dag.
Eit tun fullt av historie
Bøstugu er ikkje berre ein butikk, men også ein del av eit kulturhistorisk tun. Tunet til Mathilde fortel historia om ein familie med stor respekt for tradisjonar, handverk og bygningsvern.
Far hennar byrja å bygge opp tunet på 1950-talet. Det første huset var den gamle snikkarverkstaden, som vart flytt og sett opp att i Bismo. Seinare kom fleire bygningar til. Bøstugu sjølv vart flytt frå garden Bø i Lom i 1968, medan andre hus har kome frå ulike delar av både Skjåk og andre stader i landet.
I dag framstår tunet som eit lite kulturmiljø i seg sjølv. Mathilde har brukt utallige timar på vedlikehald, restaurering og vidareutvikling av husa. Nye tak, restaurerte steintekkingar og omsorgsfull oppgradering av bygningane har gjort at historia lever vidare, samstundes som husa er i aktiv bruk.

Skjåkutstillinga – ein viktig sommartradisjon
Gjennom mange år har Mathilde vore ein sentral pådrivar for å lyfte fram lokale kunstnarar og synleggjere den store skaparkrafta som finst i bygda og region. Skjåkutstillinga har vorte ein fast sommartradisjon og ein viktig møteplass for kunst og kultur.
Kvart år samlar Mathilde kunstnarar og handverkarar med røter i eller tilknyting til Skjåk og Norddalen. Her møter publikum både etablerte kunstnarar og nye talent, profesjonelle utøvarar og ivrige amatørar. Utstillinga rommar eit mangfald av uttrykk, frå måleri, glas, tredreiing og anna kunsthandverk.
Det som gjer Skjåkutstillinga spesiell, er kombinasjonen av kvalitet, breidde og lokal forankring. Utstillinga gir både kunstnarar og publikum ein arena der skaparglede, kreativitet og kulturarv får blomstre.
Eit tilbod som går mot straumen
Sidan oppstarten har Bøstugu utvikla seg i takt med kundane sine. Sortimentet har endra seg gjennom åra. I 2019 byrja Mathilde med garnsatsinga, som har vorte ein viktig del av tilbodet. Mathilde omtalar seg sjølv som «kjærringa mot straumen». Det ligg mykje sanning i det. Medan mykje handel flyttar seg til kjeder og netthandel, har ho halde fast ved det personlege, det lokale og det unike. Bøstugu er ein stad der kundane finn varer med særpreg, kombinert med god service og ekte engasjement.
Ein viktig del av identiteten til Bismo
Under besøket vårt vart det raskt tydeleg at Mathilde ikkje berre forvaltar bygningar og butikkdrift. Ho forvaltar også historier. Med stor kunnskap om Bismo, gardshistoria og menneska som har bygd opp lokalsamfunnet, er ho nærast ei levande historiebok.
Gjennom arbeidet sitt har ho skapt noko som betyr mykje for mange. Bøstugu og Galleri Mathilde er både handelsstad, kulturarena og kulturminne. Det er ein stad som tek vare på fortida samstundes som han skapar aktivitet og opplevingar i nåtida.
Skjåk er heldig som har eldsjeler som Mathilde Skamsar. Med kreativitet, pågangsmot og stor respekt for kulturarven har ho bygd opp ei verksemd som er heilt unik i sitt slag. Bøstugu og Galleri Mathilde er eit vakkert døme på korleis historie, kunst og næringsliv kan gå hand i hand,- til glede for både bygdefolk og besøkande.