Å vekse opp i Skjåk
I Skjåk satsar vi heilskapleg og langsiktig på barn og unge, med naturen som aktiv læringsarena og ein sterk kultur for inkludering og fellesskap. Her ligg barnehage, helsestasjon, 1–10-skule, kulturskule, idrettshall, symjebasseng og bibliotek samla i ei tett klynge som gjev unike moglegheiter for samarbeid og samanheng i oppveksten. Slik sikrar vi at alle barn og unge opplever tryggleik, meistring og støtte.
Dønfoss naturbarnehage
Dønfoss naturbarnehage ligg idyllisk til i skogen 10 km vest for Bismo, med eit variert og utfordrande utemiljø som gjer naturen til den viktigaste læringsarenaen. Her får borna oppleve meistring og undring gjennom jakt, fiske, innhausting, matlaging frå botnen av, baking i bakstrom og aktivitetar i snekkerbod, lavvo og nærmiljøet rundt Ottaelva. Barnehagen arbeider aktivt for å skape eit miljø som rommar mangfald der barna opplever å høyre til i eit fellesskap uansett behov og føresetnader. Ut frå denne tankegangen arbeider Dønfoss systematisk med både psykisk og fysisk helse, og legg stor vekt på trygge relasjonar, tilknyting og stimulerande leik – ute heile året.


Den nye barnehagen og helsestasjonen i Bismo
Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.
Den nye barnehagen og helsestasjonen er planlagd som ein inkluderande møteplass for barn, familiar og fagmiljø, der alle skal oppleve å høyre til. Utforming og organisering byggjer på prinsipp om:
- Trygge og helsefremjande omgjevnader
- Inkluderande fellesskap, der mangfald er ein ressurs
- Sterk kopling mellom natur, kultur og stadstilhøyrsle i Skjåk
- Låg terskel for samarbeid mellom barnehage, helsestasjon og andre kommunale tenester

Barnehagen
Barnehagen vil legge vekt på leik, læring og opplevingar i nær kontakt med naturen. Uteområdet til barnehagen er fyrst og fremst ein naturleikeplass, men gjev også rom for utfalding i akebakke, på sykkelbane, skeisebane om vinteren, gapahuk, grillhytte, kjøkenhage og mykje anna. Barnehagen samarbeider tett med sjukeheimen, og tek gjerne både planlagte og spontane turar dit for å vere saman med bebuarane.

Helsestasjonen
Helsestasjonen i Skjåk, får moderne og tilgjengelege lokale i den nye barnehagen og helsestasjonen, og er samtidig tett på både skulen og Dønfoss naturbarnehage i kvardagen. Her møter gravide, barn, ungdom og føresette fagpersonar som gir trygg rettleiing, støtte og kunnskap gjennom heile oppveksten. Når helsestasjonen er nær barnehage og skule, byggjer vi eit sterkt og samanhengande lag rundt barna – der førebygging, tillit og tidleg innsats står i sentrum.

Prinsippa for den nye barnehagen og helsestasjonen
Barnehagen og helsestasjonen blir bygd, og skal driftast, etter prinsipp om inkluderande og biofilisk design.
Inkluderande design betyr at vi har valt eit designperspektiv som fagnar breiare enn universell utforming. Det handlar om å setje mangfald og inkludering i sentrum for alt ein gjer. I tillegg til å vere gunstig for alle, er inkluderande design spesielt nyttig for menneske som har behov for bistand praktisk, fysisk og psykisk.
Biofilisk design spring ut frå det greske ordet Biofilia som betyr kjærleik til naturen og alt levende. Biofilisk design handlar om å integrere naturen og naturelement inn i dei bygde omgjevnadene. Intensjonen er å skape ein meir sanseleg og opplevingsrik arkitektur, som samstundes reduserer stress og skjerper merksemda.

Skjåk barne- og ungdomsskule
Skjåk barne- og ungdomsskule har visjonen robust og positiv, og arbeider systematisk for å utvikle ein inkluderande skulekvardag prega av mangfald, likeverd og fagleg meistring. Som MOT-skule, gjennom programma MOT, SUPER og Skulen som samfunnsbyggjar, byggjer skulen trygge klassemiljø der kvar elev opplever tilhøyrigheit og eigenverdi. Med meir praktisk retta undervisning, entreprenørskap i samarbeid med lokalt næringsliv, relasjonsnormer prega av «god stemning, bakgrunnsforståing og tøff kjærleik», og aktiv bruk av natur og lokalmiljø, utviklar skulen robuste barn og ungdommar som tek bevisste val og trur på eigne krefter.


Lom og Skjåk kulturskule
Lom og Skjåk kulturskule er ein interkommunal kulturskule for barn og unge i Lom og Skjåk – ein stad der skaparglede, meistring og fellesskap står i sentrum. Som både skule, fritidstilbod og kulturarena tilbyr vi eit breitt spekter av fag innan musikk, kunst og andre kulturuttrykk, tett knytt til skuleverket og det lokale kulturlivet. Her får elevane utvikle talent og sjølvtillit i trygge rammer, saman med engasjerte lærarar og medelevar.

Skjåk folkebibliotek
I 2025 vart Skjåk folkebibliotek kåra til Årets bibliotek i Noreg for sin innsats for å skape fellesskap, arrangere spanande aktivitetar og vere ein inkluderande arena for heile bygda.
Skjåk folkebibliotek er meir enn eit bibliotek – det er ein levande møteplass for alle som er nysgjerrige på litteratur, kultur og kunnskap. Biblioteket har eit stort og variert tilbod av bøker, filmar og digitale tenester, og du kan bruke det som meirope bibliotek kvar dag mellom kl. 07.00–22.00 med tilgangskort. Biblioteket har eit stort program av arrangement gjennom heile året, både for barn og vaksne. Mellom anna arrangerer dei SOLfestival i veke 10 kvart år. Barnehagane og skulen brukar biblioteket aktivt i kvardagen.

Skjåkhallen og idrettsanlegget
Skjåkhallen er kommunens topp moderne svømme- og idrettsanlegg – eit triveleg samlingspunkt for leik, aktivitet og fysisk utfoldelse for barn, unge og vaksne. Etter omfattande oppgradering er det både 25-metersbasseng, opplærings- og terapibasseng, treningssal og idrettshall der mellom anna barnehagane, skulen og fritidsbrukarar kan utfordre seg og ha det gøy i trygge omgjevnader. Rundt hallen finn du også andre uteidrettsanlegg som gjev rom for ballspel, trening og friluftsaktivitet heile året, i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.

Førebyggande plan
