Topptur

Skjåk er eit fantastisk utgangspunkt for toppturar og randonee. Her finn du alt frå enkle, barnevennlege turar til krevjande og spektakulære toppturar. Vi har både toppar som er lett tilgjengelege med flotte forhold for nedkjøring, og vi har meir utilgjengelege toppar med lengere innmars. I Skjåk finn du 18 toppar over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjende.

Pudderkøyring

I Skjåk er det stabile snøforhold med uendelege skjulte perler for pudderkøyring.

Inngang Torddalen

På fjellski

I Skjåk er moglegheitene for fjellskiturar mange – enten du vil på langtur eller berre nyte ettermiddagssola på eit fjell med utsikt, eller på tur med fjellpulken i slakt og småkupert terreng. Ein vårskitur til ein fjelltopp i steikande sol er ei oppleving!


Tverrådalskyrkja
Foto: Tea Karoline Mork