Bismo Bilverkstad – full fart etter eigarskiftet
Bismo Bilverkstad har vore i sterk utvikling sidan Ola Hagen og Andrè Aaboen tok over verksemda i 2024. På kort tid har dei auka både aktiviteten, omsetninga og talet på tilsette.
Det har skjedd mykje på Bismo Bilverkstad dei siste to åra. Sidan Ola Hagen og Andrè Aaboen tok over verksemda i 2024, har både oppdragsmengda, omsetninga og talet på tilsette auka kraftig. No er eit nytt tilbygg på veg opp – og gutane på verkstaden har meir enn nok å gjere.
Vi møter Ola, Andrè og Syver inne på verkstaden i industriområdet i Bismo. Utanfor er det òg full aktivitet. Tre mann frå SEBB er i gang med tilbygget som skal gje verksemda langt betre plass.

Tok over i 2024
Bismo Bilverkstad har lange tradisjonar i Bismo, men sommaren 2024 starta eit nytt kapittel da Ola Hagen og Andrè Aaboen tok over verksemda.
Sidan den gong har utviklinga gått fort.
Før eigarskiftet var verkstaden driven som ei einmannsbedrift. I dag er dei tre på jobb, og aktiviteten har auka kraftig. Omsetninga har gått frå om lag 1,5 millionar kroner i 2023 til over 5 millionar kroner i 2025.
Med på laget har dei fått Syver Grev på 23 år frå Vågå. Han pendlar til Bismo kvar dag for å jobbe på verkstaden.
Kundane kjem hovudsakleg frå Skjåk, Lom og Vågå, og verkstaden har både privatkundar og næringskundar. Her blir det utført mellom anna EU-kontroll, reparasjonar og vedlikehald på både vanlege bilar, elbilar, tilhengarar og andre køyretøy.
Lev på jungeltelegrafen
Marknadsføringsbudsjettet til Bismo Bilverkstad er enkelt.
Det finst knapt.
– Vi driv eigentleg ikkje med marknadsføring. Det går på jungeltelegrafen, seier dei.
Og det ser ut til å fungere godt.
Verkstaden har meir enn nok å gjere, og nye kundar kjem til gjennom anbefalingar frå andre. For Ola og Andrè er det eit godt teikn på at kundane er fornøgde med jobben som blir gjort.
Etter at dei tok over, byrja dei også med sal av dekk. Det har utvikla seg langt betre enn dei såg føre seg. Dekksalet har auka kraftig, seier dei.
Frå mekanikar til bedriftseigar
Å gå frå å vere tilsett til å drive si eiga verksemd har også bydd på nokre overraskingar.
Det er ikkje nødvendigvis sjølve bilskruvinga som har vore den største overgangen.
– Det er mykje regelverk. Bedriftshelseteneste, stoffkartotek og alt mogleg anna. Det er veldig mykje ein skal halde styr på når ein driv sjølv, fortel dei.
Og så er det ein annan del av jobben som dei tidlegare kunne overlate til sjefen.
Dei «kjeie telefonane».
Som tilsett kunne ein skrive ein lapp til sjefen dersom ein reparasjon vart dyrare enn venta, eller dersom ein måtte gi kunden ein beskjed ein visste kanskje ikkje kom til å bli så godt motteken.
No er det Ola og Andrè sjølve som er sjefane.
– Før var det berre å skrive ein lapp til sjefen, så tok han telefonen. No må vi ta dei sjølve, seier dei og ler.
Det er ein del av pakka når ein går frå mekanikar til bedriftseigar.
Veks ut av den gamle verkstaden
Den sterke veksten har også ført til at dei gamle lokala har vorte for små.
Verkstadbygget er frå 1986, og særleg låg takhøgd og avgrensa areal har gjort det utfordrande å arbeide effektivt med større køyretøy som varebilar og bubilar.
Difor er eit nytt tilbygg på 150 kvadratmeter no under oppføring.
Den nye delen skal få to nye arbeidsstasjonar med løftebukkar, i tillegg til betre ventilasjon, ljos og moderne verkstadinnreiing. Med meir plass vil dei kunne ta imot fleire og større oppdrag, samtidig som arbeidskvardagen blir betre for dei som jobbar der.
Investeringa er på om lag 3,6 millionar kroner, og Bismo Bilverkstad fekk sommaren 2026 støtte frå næringsfondet i Skjåk kommune til utbygginga.
For kommunen var den sterke utviklinga i verksemda viktig i vurderinga. På kort tid har Bismo Bilverkstad skapt fleire arbeidsplassar, auka aktiviteten betydeleg og gjort ei stor investering i vidare drift i Skjåk.
Trur på vidare vekst
Med fullt i ordreboka og eit større verkstadbygg på veg, ser Ola og Andrè ljost på framtida.
Utvidinga gjev rom for å ta på seg fleire oppdrag og kan også legge grunnlaget for fleire arbeidsplassar etter kvart.
Samtidig verkar ikkje planen å vere å gjere ting meir komplisert enn nødvendig.
Dei skal halde fram med det dei allereie har fått til å fungere godt: gjere ein skikkeleg jobb, ta vare på kundane – og la jungeltelegrafen gjere resten.
På kort tid har Ola og Andrè utvikla Bismo Bilverkstad frå ei einmannsbedrift til ei verksemd med tre arbeidsplassar, sterk vekst og store investeringar i framtida.
Det er lokal næringsutvikling i praksis!

