Svømmehallen i Skjåk
Velkomen til den nyrenoverte svømmehallen i Skjåk! Her finn du moderne fasilitetar som legg til rette for symjeopplæring, trening, rehabilitering og gode opplevingar for alle aldrar.

Svømmehallen vart totalrenovert i 2025 og framstår som eit moderne og attraktivt tilbod for både innbyggjarar og tilreisande. Anlegget har eit opplærings- og treningsbasseng, eit terapibasseng med ekstra oppvarma vatn og hev- og senkbart golv, badstugu og heilt nye garderobar.
Enten du ønskjer å trene, lære å symje, nyte ei roleg stund i terapibassenget eller slappe av i badstugu, finn du eit tilbod som passar for deg.
Svømmehallen er eit rimeleg og lett tilgjengeleg fritidstilbod som fremjar folkehelse, meistring og trivsel. Han er ein viktig møteplass for born, ungdom, vaksne og eldre – eit anlegg som kjem heile lokalsamfunnet til gode.
Vi ønskjer deg velkomen til eit friskt og triveleg besøk i svømmehallen i Skjåk!



