Marte og Marius – prøvebur i Skjåk

For Marte (28) og Marius (30) handla flyttinga om meir enn å finne ein ny stad å bu. Dei ønskte seg ein annan kvardag – tettare på naturen, med meir ro og større rom for det aktive livet dei trivst med.   

Det beste med Skjåk – med éi setning:  

– Den naturnære kvardagen, med ro til å puste og nyte.  

Foto: Privat

Eit aktivt par med røter fleire stader  

Marte kjem opphavleg frå Nord-Odal og Marius kjem frå Årnes i Nes kommune. Gjennom oppveksten har Marius hatt eit nært forhold til Skjåk, da familien hans tilbrakte mange feriar i bygda, og området har difor alltid hatt ein spesiell plass hos han.  

I dag arbeider Marte innanfor helsevesenet, medan Marius jobbar som rekneskapsførar i Lom. Samstundes tek han vidareutdanning for å bli autorisert rekneskapsførar.  

Draumen om natur og ro  

Før dei flytta til Skjåk, budde paret i Nord-Noreg. Etter kvart kjende dei på eit ønske om å kome nærare familie, utan å gi slepp på nærleiken til naturen og den rolege kvardagen dei sette pris på.  

– Vi ønskte ein livsstil der naturen er tett på, og der det er lettare å senke tempoet, fortel dei.  

Skjåk vart eit naturleg val. Her opplever dei å bu midt i noko av den flottaste naturen landet har å by på, med fjell, vidder og turmoglegheiter rett utanfor døra. Samstundes er det ikkje lenger enn nokre timar til større byar.  

Då det i tillegg dukka opp ei relevant jobbmoglegheit, fall dei siste brikkene på plass.  

Foto: Privat

Betre plass til livet  

Det første som møtte dei då dei kom til Skjåk, var roa.  

– Det mest overraskande var kor mykje meir plass og tid ein får i kvardagen. Det er rett og slett ein annan rytme her, seier dei.  

Samtidig måtte dei smile litt av at enkelte stereotypiar viste seg å ha eit snev av sanning i seg.  

– Gudbrandsdøler er faktisk litt slik som folk seier. Det tek kanskje litt tid å bli kjend med folk. Paret meiner det ligg mykje i ordtaket:  

– Når du fyrst blir kjend med ein skjåkver, får du ein ven for livet!  

Noko av det som overraska paret med Skjåk, var kor mykje som går føre seg her.  

– Det er langt fleire aktivitetar, arrangement og tilbod enn folk trur. Du kan vere så aktiv du berre vil.  

Ein kvardag med lågare skuldrer  

I dag skildrar dei kvardagen i Skjåk som roleg og lite stressande.  

– Det er ei eiga ro her. Du får tid til å puste, senke skuldrane og vere meir til stades i kvardagen.  

Fritida blir fylt med trening, løping, sykling og friluftsliv. Samstundes er Marte aktiv i det lokale redningshundlaget saman med hunden Atlas. Gjennom aktivitetane har dei også funne eit sosialt miljø dei trivst godt i.  

– Vil du vere sosial, finst det mange moglegheiter. Samtidig er det lett å trekkje seg tilbake når ein ønskjer det.   

Foto: Privat

Ein trygg start å prøvebu  

For paret vart tilbodet om prøvebustad ein viktig faktor då dei vurderte flytting.  

– Vi såg informasjon om det på Facebook og tenkte at det var eit veldig godt tilbod. Det gjorde flytteprosessen mindre skummel.  

Sjølv om dei ikkje fekk prøvebustad med ein gong, opplevde dei at kommunen var hjelpsam med å finne ein stad å bu.  

– Det betydde mykje å ha tilflyttartenesta i ryggen.  

Ein kommune som satsar  

Marte og Marius trekkjer fram fleire grunnar til at dei meiner Skjåk er ein attraktiv stad å bu.  

– Det som kanskje overraskar mest, er kor godt mykje fungerer. Kommunen satsar, og ein ser at ressursane kjem innbyggjarane til gode – eksempelvis innan helse og oppvekst.  

Dei meiner fleire burde få opp augo for moglegheitene som finst i bygda.  

– Tenk så fint det er å vekse opp her!  

Samtidig peikar dei på éi utfordring som må løysast dersom fleire skal flytte til bygda.  

– Bustader er nøkkelen. Folk må ha ein stad å bu dersom dei skal kunne flytte hit.  

Ser for seg ei framtid i Skjåk  

Paret ser gjerne for seg å bli verande i bygda.  

– Det ønskjer vi. Men som mange andre stader i distrikta, er det ikkje alltid enkelt å finne akkurat den bustaden ein er ute etter.  

Dersom nokon skulle ha ein bustad i Skjåk, er altså paret interesserte. Dei oppmodnar folk til å ta kontakt!  

Rådet til andre  

Til andre som vurderer å flytte til Skjåk, har dei ei enkel oppmoding:  

– Ta sjansen og prøv. Det verste som kan skje, er at du ikkje trivst.   

Foto: Privat