Konstanse og Gaute – Nytilflytta i Skjåk!
Friluftsliv, kvardag og draumar i Skjåk
Konstanse og Gaute er to friluftsinteresserte og naturglade menneske som nyleg har flytta til Skjåk. Begge er i byrjinga av 30-åra og ynskjer å leve ut småbruksdraumen på bygda

Kvardagsliv
Med ei brennande interesse for friluftsliv valde dei å ta steget og flytte til Skjåk – eit val dei ikkje angrar på. Dei har budd mange ulike stader, men kjenner no at dei har kome til rett plass for å skape kvardagen dei har drøymt om.
Interessene er mange, og moglegheitene i bygda er store. Ski, sykling, turar, padling, fotografering, jakt og fiske er hobbyar dei har teke med seg til Skjåk – og som dei no har endå betre tilgang til.
Konstanse har vorte med i Lom og Skjåk Skytterlag, eit miljø ho trivst godt i. Gaute engasjerar seg både i Røde Kors og Lom Knipsarlag.

Tok med seg jobben
Konstanse arbeider som naturkartleggjar og er utdanna økolog. Ho er på reise store delar av året, men set stor pris på å kome heim til Skjåk for å lande mellom arbeidsperiodane.
I dag har ho kontorplass på Skjåk Almenning. Ho har teke med seg jobben hit, og oppmodar andre til å gjere det same.
Gaute arbeider og trivast godt som tømarar i Stokk og Stein. I tilegg jobbar han som naturguide, og ønskjer på sikt å nytte kompetansen sin også meir lokalt.
Å vera ny i Skjåk
Paret har vorte møtt på ein svært hyggeleg måte i bygda. Dei opplever at folk i Skjåk er glade for at dei har flytta hit, og at dei har vorte tekne godt imot.
– Sjølv om vi ikkje har familie her eller kjende mange frå før, har det vore lett å byggje nettverk. Folk er hyggelege og inkluderande.


Å byggje draumelivet
I dag leiger dei eit triveleg hus i Lundagrenda, men draumen er å finne eit småbruk dei kan slå seg til ro på.
– Vi ønskjer å bli verande i Skjåk og byggje livet vårt her.
Draumeplassen har dei enno ikkje funne.
– Har du eit småbruk du vurderer å selje, tek gjerne kontakt. Vi kjem gjerne og tek ein titt!
Råd til andre som vurderer å flytte til Skjåk
– Berre gjer det! Her finst det både arbeid og husrom. Vi vil absolutt anbefale folk å teste ut bygdelivet.

