Jakt

 

Jakteldorado i Skjåk

Villreinjakt i flott høgfjellsterreng. Hjortejakt med utsikt over heile bygda. Rypejakt i fjell og li. Skjåk er eit eldorado for alle jaktinteresserte. Og visste du at alle innbyggarane i Skjåk får villreinjakt om dei ynskjer?

Jakt i Skjåk

I Skjåk er du i villreinen sitt rike. Hausten i Skjåk er nærast heilag for mange. Når naturen skrur på dei vakraste fargane, markerer det at jakta er i gang. For mange er naturopplevingane minst like viktig som jaktutbytte – finn draumeterrenget ditt i Skjåk. Besøk Skjåk Almenning for å få meir informasjon.

Nyttige lenker for jaktkort, guiding eller kløving:

Skjåk Almenning

Huntspot

Fjelleventyret

Explore Skjåk

Eg sat ein tidleg morgon på post innved ei myr
septembersola farga fjell frå aust,
da var det eg fekk oppleva mitt livsens eventyr
der fjellbjørkskogen gulna imot haust.

Eg gjekk frå post som jeger utan dyr
men likevel eg fekk ei stund så stor
Og eventyret mitt der ved haustdoggmyr
eg aldri sidan nemnde med eit ord

FINN SANDUM