Skjåk Turlag
BLI MED OSS PÅ TUR!
Skjåk Turlag har i år sett opp 12 turar.
Av desse er det fire kveldsturar, sju dagsturar og ein to-dagarstur med overnatting. På kvar av turane har vi vanlegvis ein turleiar som kan vise oss veg, og som kan fortelje frå områda vi går i.
Skjåk Turlag vil ha deg og flest mogleg andre med på tur.
Du treng ikkje vere medlem for å vere med på tur, men vi treng midlar til drifta, så vi håpar at mange vil støtte oss med medlemskap.
Styret for 2021 er :
- Mogunn Synstnes, leiar tlf. 482 92 406
- Per Bakken, kasserar tlf. 997 05 687
- Aud Randi Sperstad, sekretær tlf. 997 49 523
- Jarleif Ellingbø, styremedlem tlf. 994 25 861
- Eldar Eggen, styremedlem tlf. 909 93 606
- Ola Flåten, vara tlf. 979 79 742
- Kari Elin Sperstad, vara tlf. 416 93 901
Grasrotandelen:
Skjåk turlag er registrert i Friviljugregisteret. Når du spelar i Norsk Tipping, kan du gje 5 % av innsatsen til laget.
Organisasjonsnummer: 818 829 132
SKRYTEKASSER er postkasser med bok der turfolk kan skrive inn namnet sitt. Dette er ein god motivasjonsfaktor for mange turgåarar. Skjåk Turlag sponsar nye bøker til kassene, og samlar inn utskrevne bøker som vert arkivert på biblioteket. Du finn slike skrytekasser her:
- Treet i Aura
- Kollungen Seter
- Gammelhans-vegen
- Bispberget
- Kummehytta
- Flekkøyhøe
- Røyrgata i Harsheimlia
- Vetlsetra
- Svarthammaren
- Tverrfjellet
- Hamserunda
- Høyvelta
- Synst på Uppnose
- Harsheimlia
NB: Også i år må vi ta hensyn til om koronapandemien gjer det tilrådeleg at turane vert gjennomført. Oppdatering i høve dette kjem fortløpande på facebooksida vår. I alle høve oppfordrar vi alle turdeltakarar om å halde avstand til andre på turane.
Årskontingenten er på 150,- og kan betalast til Skjåk Turlag på kontonummer: 2085.64.26204 eller VIPPS: 629404
Vi håper å sjå deg som medlem!