Vannbakels med heimlåggå prim

Test ut Lisbeth si oppskrift på vannbakels med heimlågå prim.

Ingrediensar vannbakels

250 g smør
5 dl vatn
250 g kveitmjøl
6-7 Gudbrandsdalsegg

Slik gjer du:

Kok opp vatn og smør. Ha i kveitmjøl og rør medan kjelen står på varmen. Når massa er jevn og seig, tek du den av plata. Kjøl litt ned (under 60 grader), og spe med Gudbrandsdalsegg, eitt av gongen.
Når røra er ferdig, ha den i ein sprøytepose, og sprøyt ut på eit brett.

Steikast på 170 grader i 25-30 minutt.

PS: Viktig å ikkje opne omsdøra under steiking.
Avkjøl og fyll.
Oppskrifta gir 15-20 vannbakels.

Heimlåggå prim

50 g sukker
1 dl vatn
4 dl Tine kremfløte
100 g G35 Gudbrandsdalsost
2 klyper havsalt

Slik gjer du:

Smelt sukker til karamell, ha i vatn og smelt på ny. Tilsett fløyten og la det stå å småkoke til det blir ein tjukk karamellsaus. Tilsett så G-35 og smak til med litt havsalt.
Avkjøles. Ha til slutt massa i ei kjøkenmaskin og pisk til du får ei luftig og fin brunfarge på «primen».