– Eg har ikkje kjeda meg ein gong etter eg fløtte heim

Å få arbeide med å vise folk den fantastiske naturen vi har, er det beste Øystein veit.

Navn: Øystein Brandsar
Alder: 27
Heimplass: Bismo
Yrke: Gründer, byggesaksbehandler/prosjektleiar i Lom- og Skjåk kommune. Jobbar også som brannkonstabel.

Favorittplass i Skjåk: Vanskeleg å velgje da det er så mange. Må nok si Aura og det å vera på elva. Vassdrag i Skjåk!


Kvifor valde du å flytte attende til Skjåk?

– Fyrst og fremst fordi det er så fin natur her. Det er så roleg her, og ein slepp å stå i kø. I Skjåk har vi «heile pakka». Eg har vukse upp i Skjåk og har mesteparten av familien min her, så eg føler at det er her eg høyrer til.
Eg fløtte attende til Skjåk same dag som eg var ferdig med eksamen på NTNU på Gjøvik, og byrja i fast i arbeid to dagar etterpå. Meir heldig kan ein jo ikkje vera. Eitt år før eg var ferdig på NTNU starta eg firma Juventyr som driv med vassaktivitetar og kurs. Eg hadde firma og da eg i tillegg fekk fast arbeid var valet om å flytte heim enkelt. Og det har eg ikkje angra på ein dag.

Kva er det beste med å bu i Skjåk?

-Det beste med å bu i Skjåk er friheita og at eg har moglegheit til å drive med alt eg likar å drive med. Eg har ikkje kjeda meg ein gong sidan eg fløtte heim. Noko eg også sett stor pris på med å bu i Skjåk er nærheita folk har til kvarandre i her. Her kjenner alle kvarandre på godt og vondt, men det er utruleg trivleg å kunne helse på alle ein møter.

Kva fyller du fritida med?

– Nå fortida er det stort sett oppussing av hus og buldring det går i. Om sommaren er eg stort sett å finne i elva. Da er det fullt kjør i firma Juventyr. Når eg ikkje driv med oppussing og buldring er eg med i pistolklubben i Skjåk, og trenar på Skjåk treningssenter.

Kva er dine beste tips til nokon som vil flytte til Skjåk?

– Mitt beste tips er å berre hoppe i det! Du kjem aldri til å angre!

Juving i Aura
Foto: Nasjonalparkriket

Øysteins topp tre favorittar i Skjåk:

1. Ha med meg folk og dele den flotte naturen vi har med dei

2. Stillheita vi har i fjella rundt oss

3. Utsikta frå Storivilen