Reiselivsmøte ved Bångråttjønn 11. mai

Tysdag 11. mai vart det arrangert eit svært interessant møte for reiselivet i Skjåk.

Målet for kvelden var at bedriftene skulle bli betre kjent, samt å vete om aktivitetar, tilbod og åpningstider for sesongen. Ole Erik Bjørnstadhaugen frå Nasjonalparkriket Reiseliv kom å informerte om korleis dei jobbar, og kva dei kan bistå bedriftene med.

Året som gjekk var eit utfordrande år for dei fleste. Det er fint å høyre at bedriftene har utnytta året til å tenke nytt og kreativt i forhold til tilbod og endring i drifta. Bedriftene er spente på komande sesong, og ser også for seg mest norske gjestar også i år. Bedriftene seier dei alt merkar stor pågang for sesongen.

Bedriftene er einige om at det er viktig at kvar enkelt bedrift i Skjåk kjenner til kva som skjer i Skjåk og kva tilbod som finst her. Alle er einige om at vi må bli betre til å reklamere for kvarandre, og at skjåk.no er ei viktig plattform for å dele nyttig informasjon om Skjåk.

Det kom fram svært mykje gode tankar og idear om korleis vi kan bli betre til å markedsføre både Skjåk og kvarandre. Det vart også delt nokre spennande forretningshemmelegheiter på møtet som vi gler oss på at blir realisert.

Vi satsar på at dette kan bli eit årleg arrangement.