Skjåk-Chef

På sjølvaste kvinnedagen ynskjer vi å lyfte fram desse fantastiske unge damene frå Skjåk. Felles for dei er at alle er utdanna kokk, og brenn for å bruke dei unike råvarane og produkta vi har i bygda vår. Det er flott at så mange jenter i ei lita bygd hevdar seg i eit mannsdominert miljø.

Lisbeth Risheim

Skjåkpatrioten Lisbeth (23) har endeleg vorte Skjåkver att, og har nyleg fått seg fast arbeid på Grotli Høyfjellshotell. Lisbeth har gjennom ungdomstida arbeidd hjå fleire lokale reiselivsbedrifter, noko som har vore med å inspirert ho til å bli kokk. Lisbeth hadde læretida si på Bessheim Fjellstue, og har etter det jobba på kjente restaurantar som Credo og på Britannia Hotell i Trondheim. Ho har heile tida ynskt seg attende til Skjåk. Når koronapandemien inntraff vart lengselen til Skjåk brått stor, og ho valde å flytte heimatt tidlegare enn tenkt.

Lisbeth´s favorittråvare frå Skjåk: Byggryn frå Skjåk.

Magnhild Forberg

Magnhild (21) har vekse opp med å vera med bestemor si på kjøkenet på Mogard. Ho har også hatt læretida si på Bessheim Fjellstue, der ho tok fagbrev hausten 2020. I dag arbeider Magnhild på Brimi Sæter, og jobbar også litt på Smak i Lom. Ho deltek òg ein del i familiebedrifta Mogard i Skjåk. Der driv dei med kjøttforedling, kjøttkaker, karbonader og spikjipysje er hovudprodukta.

Magnhild´s favorittråvare frå Skjåk: Grønsaker dyrka i Skjåk.

Brita Stensgård

Brita (21) har vekse opp på garden Stensgård i Skjåk, der dei driv med ammeku og sau. Ho har vore med på heile verdikjeda frå kua og sauen blir para til maten ligg på tallerken, noko som har inspirert ho til å bli kokk. Brita er også storviltjeger, og veit å verdsetta råvarane frå naturen i Skjåk. Brita hadde lærlingtida si på Vianvang hjå Arne Brimi, og arbeider nå på familiebedrifta Billingen Seterpensjonat og på heimgarden. Ho er også med å arbeider hjå Breheimen Mat når det høver.

Brita´s favorittråvare frå Skjåk: Viltkjøt frå Skjåk, særleg villrein.

Skjåk-Chef

Denne jentegjengen har saman med Kristin Gjerdet samla seg under det velklingande namnet «Skjåk-Chef». Dei vil i tida framover kome med inspirerande oppskrifter som inneheld råvarer frå Skjåk. Kristin kunne ikkje stille på fotograferinga.