«Du føler at folk i Skjåk vil deg vel»

Det beste osloparet Anne og Morten veit, er å vera på hytta på Billingen. Nå har dei til og med eige baksthus på hytta, der blir det baka både mjukbrød og hardbrød.

Navn: Morten og Anne Furu
Alder: 69 og 70
Heimplass: Oslo
Yrke: Pensjonistar

Favorittplass i Skjåk:
Setergrenda på Billingen

Kvifor valde dykk å ha hytte i Skjåk?
– Familiebånd spesielt, seier dei. Begge har vekse opp i byen, men Morten har røter frå Skjåk. Morten fortel at onkelen hans, Kristen Ånstad sette opp hytta i 1941. Mor hans fekk hytta i julegave da ho fylte 19 år, i 1948. Mor og bestefar til Morten var er her fyrste gongen i påska 1950, medan han var her fyrste gong i påska 1953. Sidan har han vore her nesten kvar påske.

Kva er det beste med å ha hytte i Skjåk?
– Fyrst og fremst så er det ein enorm fristad for dei begge. Det er på mange måtar det å kome bort frå byen, seier dei. Dei meiner det er så mange ting som er betre her. Dei er einige om at det er godt kunne vera heilt for seg sjølv og å sleppe mykje folk rundt seg heile tida. Så er det så klart dette med naturen, det er så vakre omgjevnadar her, seier dei. Morten seier at det aller beste han veit er dei flotte vårskiturane. Anne set stor pris på den levande kulturen som er i bygda. «Det er så mykje som skjer som ein kan vera med på i bygda her. Alt frå budeiball på Seterpensjonatet til konsert på Åsen.»

Dette med folk er også ein svært stor forskjell frå å vera i byen, legg dei til. «Måten du blir møtt på, -om det er på butikken, hjå ein entreprenør eller på kommunehuset. Det er ein heilt anna mentalitet i måten å ta i mot kundar på her. Alle i Skjåk er imøtekommande og hjelpsame. Ein føler at folk i Skjåk vil deg vel».

Kva gjer dykk når dykk er på hytta?
-Det blir mykje friluftsliv, seier dei. Alt frå fotturar og lange vårskiturar, til fisketurar og reinsjakt. Så likar dei svært godt å berre «pusle» rundt hytta. Slik som for eksempel å drive med ved. Dette har du ikkje sjans til å gjere i ei leilighet i Grefsenåsen, seier Morten. Nyleg har dei også bygd seg eit nytt bakstrom, så nå har dei byrja å bake både mjukbrød og hardbrød. I tillegg har dei også eit lite røykeri der dei røyker fisk.

Kva er det med Skjåk som fleire burde vite om, men som mange kanskje ikkje veit?
– I dag er det svært populært å gå i fjellet og å drive med friluftsliv, men mange har ikkje funne ut kor fint det er i Skjåk, seier Morten. Vi ligg jo midt i hjerte av nasjonalparkar og har fjorden like ved, legg Anne til.

Kva har overraska dykk med Skjåk?
– Det må vera utviklinga som har skjedd her, seier dei. Dei meiner Skjåk er flinke til å vise stoltheit over bygda og det å få fram det som er særeigent med Skjåk.

Beskriv ei optimal hytte-helg i Skjåk.
– For dei startar ei optimal hyttehelg med ein lang og god frukost. Det må vera blå himmel og kjempe fint påskevær. Dagen må innehalde ein lang og og fin skitur, for så å kome attende til solveggen på hytta, der det blir servert god mat og noko godt i glaset. Dei legg også til at barnebarna elsker å vera her, så ei heilt optimal hytte-helg må avsluttast med spel med barnebarna på kvelden.

Anne og Morten´s topp tre favorittar i Skjåk:
1. Vårskitur
2. Reinsjakt i Tundradalen
3. Fiske i Føysfjellet