Hopp til hovedinnhold
Laster Arrangementer

Alle Arrangementer

Kategori for Arrangement
  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Julekonsert med Sigrid Moldestad og Hazelius Hedin i Nordberg kyrkje

Dato:
3. desember 2021
Tid
19:30 - 21:00
Dette blir kanskje ein av årets vakraste julekonsertar! Med klangar frå den nordiske tradisjonen, frå salmar og julesongar, nyckelharpa, hardingfele, orgel og tonar som varmar deg i mørketida. Folkartisten Sigrid Moldestad inviterer med seg den svenske duoen Hazelius/Hedin på sin julekonsert “Vintersong” i år.
Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er blant Sveriges største folkemusikkstjerner og er kjende for sine inderlige songar og sitt svingande strengbaserte spel. I tillegg til duo og eigne soloprosjekt i heimlandet medvirka bl.a Esbjørn Hazelius i den skandinaviske suksessen “Jul i Folkton” på plate og konsert i fleire år. Duoen har turnert store delar av Norden, samarbeidd med Tomas Ledin og vore i Norge fleire gonger. Saman med Sigrid Moldestad blir det garantert stemningsfulle kveldar med klare nordiske julefargar og personlige tolkningar av songar som passar mørketida til.
Julekonserten “Vintersong” vart starta av Sigrid Moldestad i 2014 og har ei unik besetning kvart år.
Sigrid Moldestad ( song/hardingfele/fele)
Esbjørn Hazelius ( cittern/gitar/fele/song)
Johan Hedin ( sopran/oktav-nyckelharpa/cittern/ song)
Billettar vert selde på denne linken eller på kyrkjekontoret tlf.909 56 437