Rykande fersk raudost til alle

I sommar blir det levert ut rykande fersk Gudbrandsdalsost til lokale bedrifter i Lom og Skjåk.

Den 17. mars vart det 10 år sida TINE vedtok å halde fram med produksjon av Gudbrandsdalsosten på TINE Lom og Skjåk. Dett vart markert med ulike aktivitetar. Markeringa synte at Rauosten, som vi seier i Skjåk, har ein stor plass i hjarta til oss nordmenn. Ordførane i Lom og Skjåk, Arne Brimi, Morten Schakenda, konsernsjefen i TINE og mange andre smurde 1000 brødskiver til skuleungane i Lom og Skjåk!

Det kom mange direkte attendemeldingar frå ungane når dei fekk brødskiver frå Bakeriet i Lom med fersk rauost på. Dei takka pent for maten og syns det var knakande godt! Dette er jo sjølvsagt triveleg å høyre! Det er ungane som skal ete Gudbrandsdalsost i framtida og vere gode ambassadørar for dette flotte produktet. Konsernsjefen i TINE, Gunnar Hovland tykte det var så triveleg, at han meinte at vi skulle tilby fersk Gudbrandsdalsost til turistane som besøkjer Lom og Skjåk i sommar. Vi tok han på ordet og tilbyr rykande fersk Gudbrandsdalsost hjå nokre utvalde turistbedrifter i Lom og Skjåk. Vi har tilsett nokre unge damer som vil hente ut rykande fersk ost frå TINE Lom og Skjåk og køyre den ut til bedriftene.

  • Effekten håpar vi skal vere at:
  • Vi får synt fram at den beste Gudbrandsdalsosten blir produsert der den høyrer heime- i Gudbrandsdalen på TINE Lom og Skjåk, med den lange tradisjonen og spennande historia som osten har.
  • Vi ønskjer å skape lokal stoltheit og bevise at mindre, lokale produksjonsanlegg kan ha den evna som trengs for å drive med høg effektivitet og god kvalitet.
  • Bidra positivt til nordmenn sine ferieopplevingar i området vårt.
  • Promotere strikkeoppskrifta, brunostgenseren som er designa av Kristin Wiola Ødegård. Bøstugu i Skjåk og Fjoset i Lom forhandler garnet til denne genseren.

Maje Kjosbakken, Oda Stensgård og næringskontoret i Skjåk skal distribuere osten.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Skjåk kommune, TINE sentralt, TINE Lom og Skjåk og «Lenge leve G-35».