Velkomen til Hausttakk i Skjåk

Vi inviterer nye og gamle utstillarar til årets martna for lokalmat frå fjell og fjord. Vi håpar du blir med å skapar eit flott arrangement. Program blir publisert så snart det er klart.

Hausttakk blir arrangert 9. oktober.

Målet med hausttakk er å fremje lokal matproduksjon og mattradisjon, samt bygge vidare på tradisjonen om at utflytta skjåkverer og folk frå andre stadar kjem til Skjåk om hausten for å drive matauk for vinteren. Like viktig er det å skape ein martna der folk kan få kjøpe mat frå lokale matprodusentar i dalen og frå Vestlandet.

Ynskjer du å vera utstillar?

Det er gratis å vera med!

Påmelding til:
info@skjaak.kommune.no

  • Verksemd og kva som skal seljast
  • Kontaktperson
  • Mobilnr.
  • Epostadresse
  • Ynskjer du standplass?
  • Treng du straum

Har du innspel til aktivitetar eller har behov for plass utanfor hallen ta kontakt.

Håpar så mange som mogleg ynskjer å bli med.

Program blir publisert så snart det er klart.

 Påmelding innan 25.september 2021