Eg har funne ei bygd som har teke vare på meg

Finn Sandum fekk Skjåkprisen 2020

Skjåkprisen skal vera ein honnør for utført verksemd som har hatt stor betyding for Skjåk, og som har sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte.
Prisen vart delt ut under årets siste kommunestyremøte.

Foto: Elling Starrem

Det er fleire grunnar til at Finn Sandum får Skjåkprisen. Han har vore aktiv i UL Fram og primus motor for bridgen i Skjåk i mange år. Det som ligg hans hjarte nærast, er sjakk. Finn har lagt ned eit enormt arbeid i sjakkmiljøet i bygda. Dette miljøet har fostra mange dyktige sjakkspelarar.
Han har vore mykje nytta som programleiar og stilt med kulturelle innslag på ymse arrangement. Han var i mange år ein dyktig rektor og personalleiar på Nordberg skule.


Ikkje minst får Finn Sandum Skjåkprisen for diktinga si. Dikta hans er, og har vore, både til glede og trøyst for mange i bygda vår, men har óg nådd langt ut i landet takka vere gruppa som har tonesett dikta hans, Sol i Skuggeskog.

«Eg er voldsomt overvelda, overraska og djupt rørt. Eg har funne ei bygd som har ynskt meg velkomen, men ikkje berre det. Eg har funne ei bygd som har teke vare på meg. Eigentleg er det vel eg som skulle ha hatt ein pris til Skjåk kommune, og ikkje omvendt. Eg vil avslutte med å seia – Tusen hjarteleg takk. Dette var heilt overveldande.»

Frå takketala til Finn Sandum

Sol i skuggeskog etter dikt frå Finn Sandum